Konsertane våre i sesongen 2019-2020

28.  september 2019 i Voss Ungdomshall:
Uformell ”Stikk-innom”-konsert med musikarar i Fossegrimen. Solistar: Irene Tillung (akkordeon), Ingrid Sælensminde (horn), Helga Hjetland (fiolin), Øystein Haga (fløyte) og Carmen Bóveda Hermosilla (cello).

15. november 2019 i Vangskyrkja, Voss:
Strykarane og treblåsarane er med på Voss Sparebank sin årvisse konsert. Vi framfører Bach sin cembalokonsert i D-dur med solist Astrid Gjestvang. Orkesteret vil ellers på konserten medvirke på andre innslag.

7. og 8. desember 2019 i Nain, Voss:
Førjolskonsertar der vi m. a. saman Fossegrimens prosjektkor og Gymnaskoret framfører to satsar av Gabriel Faurés rekviem, og i tillegg spelar hans vakre Cantique de Jean Racine. Konserten vert avslutta med Salme 42 av Mendelssohn med sopranen Oda Nysæter og solistar frå koret.

19. januar 2020 i Vangskyrkja, Voss:
Orkesteret spelar på 100-års minnekonsert for Arvid Aarsnes. Her vil Fossegrimen framføra ”Pie Jesu” og ”Agnues Dei” frå Gabriel Faurés Rekviem med Mari Bryn som solist.

21. mars 2020 i Nain, Voss og
22. mars 2020 i Universitetes Aula i Bergen:
Hovudverket i desse konsertane er Grand duo concertant for fiolin og orkester av Giovanni Bottesini. Solistar er Melina Mandozzi (fiolinist) og Peter Palotai (kontrabass). I tillegg framfører vi Johan  Svendsnes fiolinromanse og to satsar frå Divertimento for kontrabass og orkester av Nino Rota, ouverturen til ”Diktar og bonde” av Franz von Suppé og ”Egmont”-ouverturen av Ludwig van Beethoven. Fana kammerorkester er med og spelar.
Konsertane i mars utgår diverre grunna corona-restriksjonar.

13. juni 2020 i Trudvang, Granvin og
14. juni 2020 i Nain, Voss
Avslutningskonsertane denne sesongen blir del av den storstilte markeringa av at Voss og Granvin går saman til Voss herad. Solist: Knut Hamre (hardingfele). Konferansier: kommunalsjef for kultur og fritid i nye Voss herad Trude Letnes. Vi framfører musikk med tilknyting til Granvin og Voss.