26. og 27. september 2020 i Trudvang, Granvin og Nain, Voss:
I vår var det planlagt ein storslått heradskonsert for å feire samanslåinga av Granvin og Voss til Voss herad. Konserten måtte diverre utsetjast grunna korona-pandemien, men vert no framført både på Voss og i Granvin. Kommunalsjef for kultur og fritid, Trude Hoflandsdal Letnes, er konferansier på konserten.  Repertoaret byggjer på norsk folkemusikk med tilknyting til Granvin og Voss, i flott samspel mellom ein av våre store spelemenn, Knut Hamre, og orkesteret Fossegrimen.

Bilete av solist Knut Hamre og ei Hardingfele.

15. november 2020 i Vossasalen, Park Hotel Vossevangen:
Strykarane og treblåsarane er med på Voss Sparebank sin årvisse konsert, som i år er lagt til Vossasalen grunna oppussing av Vangskyrkja. På konserten framfører strykarane Eine kleine Nachtmusik av Mozart, og solist Anna Baartvedt framfører Mozarts Fløyte andante saman med Fossegrimen. Orkesteret vil som tidlegare år fungere som husorkester, og akkompagnere ein del av dei andre musikarane. I tråd med tradisjonen vert Vossasongen (Torgeir Raugstad) framført i Irene Tillung sitt arrangement.

6. desember 2020, Voss:
Førjulskonsertane får i år eit anna program enn det dei pleier å ha, og vil finne stad anten i Nain eller i kulturhuset på Voss. Programmet er i skrivande stund uferdig, men det er klart at konserten vert delt, slik at strykarar og blåsarar bidreg med kvar sine del. På programmet står eit verk av David Willcock, Five Christmas Carols, Mozart’s Eine kleine Nachtmusik, og Fløyte andante, og annan stemningsfull musikk.

13. desember 2020, Fleischer’s Hotell, Voss:
Det vert ei ny framføring av juleprogrammet på Fleischer’s Hotell på Luciadagen, sundag 13. desember.

13. og 14. februar 2021:
På orkesterkonsertane i februar framfører vi Grand Duo Concertante av Bottesini, med Melina Mandozzi (fiolin) og Peter Palotai (kontrabass) som solistar, Johan Svendsen sin fiolinromanse, to satsar frå Divertimento for kontrabass og orkester av Nino Rota, ouverturen til Dikter og Bonde av Franz von Suppé og ouverturen til Egmont av Ludwig van Beethoven.

28. og 30. mai 2021:
Fossegrimen avsluttar sesongen med to konsertar i slutten av mai.