Fossegrimen legg stor vekt på å sleppe til unge, lovande musikarar. I tillegg til å engasjere lokale unge og talentfulle solistar, er Fossegrimen øvingsorkester for dirigentopplæringa til Voss kulturskule og for komposisjonselevar frå musikklinja på Voss gymnas. Rekruttering av framtidige musikarar er ein viktig del av Fossegrimen sitt arbeid.

Vi legg vekt på å ha årlege prosjekt der elevar frå kulturskulen deltek, og ynskjer også musikarar frå folkehøgskulen og dei vidaregåande skulane velkomne. Vi rekrutterar musikarar mellom både faste og mellombels tilsette på store arbeidsplassar som Voss sjukehus, og har ofte med oss gjestemedlemar frå andre orkester i Vestland.

På biletet ser vi Julie Røssland dirigere Fossegrimen. Julie byrja som klarinettist og klarinettinstruktør i Voss skulemusikk. Då biletet vart teke var ho elev på musikklinja på Voss gymnas. Ho har seinare teke bachelor i dirigering i Stavanger, og ho går no på masterstudiet i dirigering ved Sibeliusakademiet i Helsinki, ei av dei mest prestisjetunge dirigentutdanningane i verda.

I 2024 vart Julie teken opp på det treårige lanseringsprogrammet Opptakt, som tek opp éin kandidat annakvart år. Her får ho dirigentfagleg mentorrettleiing, coaching og karriererettleiing, og ho skal dirigera fleire av dei åtte profesjonelle orkestera i Noreg. Hausten 2024 tok ho seg òg tid til ein tur heimom til Voss, der ho hadde masterclass for fordjupingelevane på Voss kulturskule. Fleire av desse spelar også i Fossegrimen.

Også mange andre unge musikarar har spelt med orkesteret i kortare eller lengre tid, for så å gå vidare med musikkstudium og ei karriere innan musikk. Det er umogeleg å lista opp alle desse her – nokre veldig få av dei som har vore medlemar og/eller solistar med Fossegrimen er Børge Styve (trompet), Inger-Kristine Riber (piano), Sondre Fjose Sandberg og Mari Persen (fiolin), og Mari Bryn (sopran).

Fossegrimen er stolt over å ha bidrege til framtidig norsk musikkliv på denne måten!

Trompetist Børge Styve starta i Fossegrimen som 11-åring. Her er han solist med orkesteret i 2011,
medan fiolinisten Sondre Fjose Sandberg sit bakerst hjå 1. fiolinane. (Foto: Avisa Hordaland/Frode Rene)