Her er datoar for konsertane våre denne sesongen. Det kjem meir informasjon om programmet for konsertane, men hald av datoane alt no!
Stikk innom konsert
27. september kl 13.00 i Ungdomshallen, Voss
Denne laurdagen inviterar Orkesteret Fossegrimen til ein uformell musikalsk pause. I ein liten time spelar vi lettare musikk i mindre ensembler. Set frå deg handleposen i Ungdomshallen og unn deg sjølv, besteforeldre og ungar kortreiste musikalske smakebitar, når Fossegrimen serverer ein haustmeny med stykke for strykarar og treblåsarar.

Jolakonsertar
6. og 7. desember kl 17.00 i Nain, Voss

Mest kvar haust i over 35 år har Orkesteret Fossegrimen framført ulike verk for songsolistar og stort prosjektkor, med songarar frå heile regionen. Også i år inviterer Fossegrimen til ei stemningsfull musikkoppleving i Nain.
Saman med Fossegrimen sitt kor, og solistane Ingvill Holter (sopran), Erlend Tvinnereim (tenor) og Ludvig Lindstrøm (bass), framfører vi Haydn sitt meisterverk Skapinga. Oratoriet, skrive på slutten av 1700-talet, følgjer skapingsforteljinga frå mørke og kaos til lys, liv og menneske. Med klassisistisk klarheit og stor uttrykkskraft skildrar Haydn natur, tru og menneskeleg undring, i eit alltid like populært og gripande verk.
Velkomen til ei flott konsertstund midt i førjulsstria!
Vårkonsert med klassiske perler
Nain, Voss laurdag 21. mars kl. 18
Bergen søndag 22. mars kl. 18
Orkesteret Fossegrimen og Fana Kammerorkester går saman om ein felles vårkonsert på Voss og i Bergen. Når dei to orkestera slår seg saman, oppstår både speleglede, fellesskap og eit større og rikare klangbilete enn kvart orkester får til åleine.
Konsertar
i Nain, Voss laurdag 21. mars kl. 18 og i Korskirken i Bergen søndag 22. mars kl. 18
Programmet spenner frå nordiske klanglandskap til dramatiske orkesterverk:
Dag Wirén – Serenad for strykeorkester, op. 11
Serge Koussevitzky – Konsert for kontrabass og orkester
Jean Sibelius – Finlandia
Modest Mussorgsky – Heksenatt på Bloksberg
Eivind Groven – Hjalarljod
Solist er den internasjonalt kjende kontrabassisten Igor Eliseev, solobassist i Stavanger Symfoniorkester. Han er kjend for si forankring i St. Petersburg-tradisjonen og for sitt sterke arbeid med å utvikle kontrabassrepertoaret. Eliseev spelar på ein sjeldan Grancino-kontrabass frå 1670.
Strykeserenaden vert leia av konsertmeister Sergey Letyagin frå Fana Kammerorkester. Resten av programmet vert dirigert av Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde.
Sommarkonsert
6. eller 7. juni

Billettar vert lagt ut på Ticketco nokre veker før kvar konsert.
