Her er datoar for konsertane våre denne sesongen. Det kjem meir informasjon om programmet for konsertane, men hald av datoane alt no!

Stikk innom konsert
28. september kl 12.30 i Ungdomshallen, Voss

Denne laurdagen inviterar Orkesteret Fossegrimen til ein musikalsk pause. I ein uformell atmosfære vert det ein liten time med lettare musikk i mindre ensembler. Set frå deg handleposen i Ungdomshallen og unn deg sjølv, besteforeldre og ungar kortreiste musikalske smakebitar, når Fossegrimen serverer ein haustmeny med solostykke for cello, tangoar og andre stykke for strykarar og treblåsarar.

arc art bass bowed string instrument

Julekonsertar
7. og 8. desember kl 17.00 i Nain, Voss

Mest kvar haust i over 35 år har Orkesteret Fossegrimen framført ulike verk for songsolistar og stort prosjektkor, som regel samansett av songarar frå heile regionen.

I år framførar Orkesteret Fossegrimen saman med Fossegrimen sitt prosjektkor Mozart sitt Requiem og Mendelssohn sin Reformasjonssymfoni.

Christmas card with children and lyrics

Orkesteret Fossegrimen og SOFORK spelar norsk musikk
15.mars kl 17 i Voss kulturhus
16. mars kl 17 i Sogndal kulturhus

Fossegrimen frå Voss og SOFORK frå Sogn og Fjordane inviterer til konsert med nokre av dei ruvande verka i norsk musikk. Hovudverket er Edvard Grieg sin A-mollkonsert for klaver og orkester med Frode Skag Storheim som solist. Det blir store klangar og stort alvor i Kjempeviseslåtten av Harald Sæverud. I tillegg spelar dei to orkestera Hyldingsmarsj frå Sigurd Jorsalfar av Edvard Grieg og den kjende Valdres-marsj av Johannes Hanssen.

Billettsal i Voss og Sogndal kulturhus.

Frode Skag Storheim er både solist og konferansier.

Sommarkonsert med unge talent frå Voss kulturskule og Voss gymnas
Voss kulturhus, 24. mai kl 17.00

Orkesteret Fossegrimen inviterer til konsert – med born og unge i sentrum. Det er alltid ei stor glede for Fossegrimen å få invitera lokale talent frå kulturskulen sitt fordjupingsprogram til å spela saman med eit ekte symfoniorkester!

På denne konserten får me høyra seks unge solistar. Dei fire yngste er pianoelevar ved fordjupingsprogrammet til Voss kulturskule. Blant dei er 11 år gamle Sandre Kvitne på klaver, som òg deltok på Dei unges konsert i fjor. Ho har spelt piano sidan ho var fire år, med John Taylor som lærar, og fekk andreprisen i tevlinga Bergen Pianomester då ho sist deltok – ein imponerande prestasjon. Me får òg høyra Ingrid Eilertsen Hjetland (11) og Milana Barabash (14) som pianosolistar saman med orkesteret. Yngstemann på scena denne gongen er ni år gamle Nikolai Tuchto, som har spelt piano i under to år! Pianistane spelar Sonatina op 49, 1.sats av Beethoven (Milana Barabash), A Flower in Spring av Pyong Kwon Ji (Sandra Kvitne), Für Elise av Beethoven (Ingrid Eilertsen Hjetland) og Mozart sin Rondo ala Turca (Nikolai Tuchto).

Me får oppleva to fiolinsolistar, Hans Olav Hjetland og Eivind Hjeltnes Rygg, som sjølve omtalar seg som «ambisiøse, up-and-coming fiolinistar». Dei går på musikklina ved Voss gymnas, spelar fast i Fossegrimen og var tidlegare elevar ved Voss kulturskule med Helga Hjetland som lærar. No tek dei timar hos Per Gisle Haagenrud, som er basert i Bergen. Gutane er solistar i 1. sats av Bach sin kjende Dobbelkonsert i d-moll.

To av dei vaksne medlemene i Fossegrimen, fløytistane Ann Merete Handegård og Øystein Haga, er solistar i ein annan dobbelkonsert – 1. sats av Albinoni sin konsert for 2 oboer, stryk og basso continuo C-dur. Dei spelar obostemmene på fløyte!
I Piken med linhåret, eitt av to Debussy-stykke som står på programmet, er vår konsertmeister Helga Hjetland solist.

Orkesteret spelar òg Golliwogg’s Cake-Walk av Debussy, og to korte, vakre orkesterstykke av kjende norske komponistar: Norske eventyrbilder – prinsessen kommer ridende på bjørnen, av Johan Halvorsen, og Solefallssangen av Ole Olsen.

Knut Brunvoll er konferansier, og konserten vert leia av Fossegrimen sin faste dirigent, Dagfinn Rohde. 

Billettar kjøpast på Voss kulturhus og på kulturhuset si nettside:
https://vosskulturhus.no/fossegrimen-konsert-bj93cx/


Billettar vert lagt ut på Ticketco nokre veker før kvar konsert.


Tidlegare sesongar: