Jubileumskonsert i Raundalskyrkja

11. september 2021

Distriktsmusikarane og cellogruppa i Fossegrimen medverkar på 100-års jubiléet for Raundalskyrkja 11. september.

.

Faunens ettermiddag

23.-24. oktober 2021

Nærbilete av nokre av marionettane i stykket. Desse er laga av Wiebke Lüders, som er både felemakar og dokkemakar.
Alle marionettane er handlaga av felemaker Wiebke Lüders.

Den tverrkunstnarlege familieproduksjonen Faunens ettermiddag er eit samarbeidsprosjekt mellom Fiddlesticks figurteater på Voss og Orkesteret Fossegrimen. Framsyninga, ein dokketeaterforestilling med levande orkestermusikk, er skapt av Wiebke Lüders, som er fele- og marionettemaker med verkstad på Ole Bull-akademiet på Voss.

Framsyninga er i hovudsak basert på fransk og norsk impresjonistisk musikk, mellom anna Førespel til faunens ettermiddag frå 1894, av Claude Debussy, og stykke av norske komponistar frå den første delen av 1900-talet, som Alf Hurum og David Monrad Johansen. Handlinga i spelet inneheld scener frå opne landskap ein varm sumardag, lyst og luftig liksom musikken.

I tillegg til Wiebke Lüders er Kristina Hjetland og Astri Sudmann marionettespelarar. Kato Nogva Flem er klaversolist, Helga Hjetland solist på fiolin, Ragnhild Sannes på cello og Øystein Haga på fløyte. Dagfinn Rohde dirigerer orkesteret.

«Faunens ettermiddag» har premiere laurdag 23.10.2021 kl. 16 i Voss ungdomshall og vert også framført søndag 24.10.2021 kl. 14 og 16.

Sundagsmatiné

14. november 2021

Distriktsmusikarane i Fossegrimen held ein kammerkonsert på Fleischer’s Hotel, med musikk av m. a. Bach, Haydn, Mozart, Boccherini og Schubert.

Jolekonsertar

Laurdag 04. des 2021: i Dale kyrkje
Sundag 05. des 2021: i Nain, Voss.

Førjulskonsertane er i år eit samarbeid mellom Orkesteret Fossegrimen, Fossegrimens prosjektkor og musikklina ved Voss gymnas. På programmet står m.a. David Willcocks sine arrangement Five Christmas Carols og Sing!, som begge er verk for kor og orkester. Frode Vik er med som solist på orgel/klaver.

I tillegg vil strykarane og treblåsarane ha kvar si avdeling, og i tillegg ei messinggruppe med musikarar frå Fossegrimen og Voss Skulemusikk, leia av Vilde Haukås Fosse.

Tur og seminar

07.-08. mai 2022

Mogeleg orkestertur til Rosendal

Familiekonsert

22. mai 2022

Fossegrimen avsluttar sesongen med ein samarbeidskonsert med Voss kulturskule.


Billettar vert lagt ut på Ticketco nokre veker før kvar konsert.


Tidlegare sesongar: