
Historie |
Orkesteret Fossegrimen gjennom 100 år Orkesteret Fossegrimen vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen (1877-1957) ved Voss off. Landsgymnas. Nokre år tidlegare hadde han fått i stand ein strykekvartett blant kollegaene sine. Denne vart etter kvart utvida med fleire
Dei første åra under okkupasjonen fungerte ikkje orkesteret, men frå 1942 var det i full gang igjen og nå med den nytilsette organisten Carl-Trond Nedberg (1917-2004) som fast dirigent. Og igjen fekk Fossegrimen ei aktiv tid framover med mange konsertar og aukande medlemstal. På orkesteret sin 30-års jubiléumskonsert i 1948 var Erik Eggen attende som gjestedirigent, og på programmet stod m. a. hans Norsk rapsodi for orkester frå 1928, som han hadde tileigna Fossegrimen. Seinare same året spelte orkesteret Edvard Griegs klaverkonsert for første gongen, då med Nedberg som solist og lektor Knut Tylden som dirigent. I 1950 var det eit større samarbeidsprosjekt med Odda Orkesterforening, der m.a. Beethovens 5. symfoni vart framført. Fru Norma Nedberg var ei framifrå fiolinistinne og var solist i Johan Svendsens Romanse.
I 1952 flytta familien Nedberg til Narvik. Men straks etter var den nye dirigenten, organist Arvid Aarsnes (1920-2012), på plass framfor Fossegrimen, og seinare same året spelte orkesteret Beethovens 3. klaverkonsert med Ingebjørg Gresvik som solist, ei av de heilt store opplevingane i orkesteret si soge. I 1953 vart Gabriel Fauré sitt rekviem framført for første gongen her i landet i samband med åpninga av den nyrestaurerte Vangskyrkja på Voss, og i 1957 ved Per Sivle sitt 100-årsminne urframførte Fossegrimen tingingsverket Sju Sivlesongar opus 166 av Geirr Tveitt med Ingrid Bjoner og Egil Nordsjø som solistar.
Våren 1979 takka Zwartjes av som dirigent for Fossegrimen, men han har sidan i fleire periodar vore aktiv som musikar i orkesteret. Utan ny dirigent til å ta over fekk orkesteret ei vanskeleg tid framover. Men Birger Rostrup (1916-1995) tok på seg oppgåva å leia orkesteret, og fleire konsertar vart det både på Voss og i regionen, m.a. samarbeidskonsertar med Dale Mannskor. Det var likevel store rekrutteringsvanskar og fallande medlemstal, ikkje minst fordi ein på mange måtar stod ved eit generasjonsskifte. I 1981 vart det valt eit nytt styre med Peder Ringdal som styreleiar, og Fossegrimen vart organisert som eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane der målet var å samla interesserte musikarar i heile regionen i eitt orkester og å ha regelmessige konsertar her. Eit tettare og meir strukturert samarbeid med musikkskulane vart ein viktig hjørnestein i orkesteret sitt arbeid. Hausten 1981 tok organist Lars Ragnvaldsen (1944-) over arbeidet som fast dirigent for orkesteret, og han leidde orkesteret inn i ei ny blømingstid og aktiv utviklingsperiode.
Våren 2009 baud på nye store utfordringar med framsyning av stumfilmen Brudeferden i Hardanger frå 1926. Filmen var nyleg blitt restaurert og digitalisert, og Halldor Krogh hadde funne fram til og arrangert musikken som vart spelt av stort orkester då filmen vart vist dei første gongene i Oslo i 1927. For Fossegrimen-musikarane var det ei krevjande oppgåve å spela og samstundes "halda fylgje med" handlinga som utspelte seg på filmlerretet, men med Dagfinn Rohde si sikre og stødige leiing gjekk dette svært så bra, og om hausten vart filmen vist igjen, først på Voss og så i Balestrand. Ei anna av dei heilt store hendingane i Fossegrimen si lange historie er konserten It's all about Jazz i ein fullpakka Fraktgodsen på Voss 13. juni 2010. Med kjende jazz-låtar, arr. for stort symfoniorkester, fekk publikum oppleva orkesteret frå ei anna side, og klaversolist Andrew Litton, sjefsdirigenten i Bergen Filharmoniske Orkester, trollbatt alle som klaversolist i Rhapsody in Blue av Gershwin. Stor stas var det då han som "ekstranummer" dirigerte Fossegrimen i Vals nr. 2 frå Jazz Suite nr. 2 av Sjostakovitsj. Svært vellukka var og konsertane som orkesteret heldt 19. og 20. mars 2011 som del av åpningsmarkeringa av det nye kulturhuset på Voss. Her framførte vi kjende perler frå opera- og operettelitteraturen med Ingrid Langen Fjose og Arild Helleland som solistar. Mange musikalske høgdepunkt er det også blitt dei seinare åra med yngre og lovande musikarar som solistar, fleire av dei med ei fortid i Fossegrimen. Såleis var Børge Styve i 2011 solist i to satsar i Jan Krtitel Neruda sin trompetkonsert, Inger-Kristine Riber i Beethovens 3. klaverkonsert i 2012 og i Geirr Tveitt sin første klaverkonsert i 2017, Jarl Eivind Aspen i Mozart sin obokonsert i 2013, Sondre Fjose Sandberg i to satsar frå Mozart sin fiolinkonsert nr. 3 i G-dur i 2014, og i 2016 Mari Persen på fiolin i Faurés "Après un Rève" og sopranen Mari Bryn i fleire oratoriearier. Yngre kulturskule-elevar er med i orkesteret med tilrettelagde stemmer på mange av prosjekta, og våren 2015 hadde vi eit flott samarbeid med kulturskulane i Osterøy, Lindås og Voss. Og i 2016 var det igjen utfordringar med uvante rytmar og harmoniar i samspelet med den legendariske rockegruppa Shades of Blues, der musikken var arrangert og tilrettelagt av Halldor Krogh. Men vi har òg hatt eldre og etablerte musikarar som solistar: Margit Mørkve Botterill, Harald Bjørkøy og Magne Fremmerlid var solistar i Händels Messias i 2012, Jon Faukstad i Fem nordiske portrett for akkordeon og strykarar av Henning Sommerro (2014) og Alexander Aluf i Mozarts hornkonsert nr. 3 i Ess-dur (2015). Det skal òg nemnast at Fossegrimen hadde konsertar på festivalen Hardingtonar i Norheimsund både i 1999 og i 2005, og orkesteret har mange gonger medverka på den årlege Osafestivalen på Voss, som vi også er medarrangør av. Gjennom åra har Fossegrimen hatt samarbeidsprosjekt med fleire andre orkester og lag: i 1950 med Odda Orkesterforening, i 1956 med Dale Musikkforening, i 1988 med Nord-Rogaland Symfoniorkester i Haugesund, i 1990 med Symfoniorkesteret i Sogn, i 2002 med Fana Kammerorkester og i 2004 Bergens Turnforenings Orkester, Evanger Musikklag i 2001 og 2014, og Voss Spelemannslag i 2015. Etter fleire års arbeid med innsamling av opplysningar vart Orkesteret Fossegrimen si lange historie endeleg samla og gitt ut i bokform, og den innhaldsrike og flotte Symfoni på Voss, skrive av forfattaren Arvid Møller, vart lansert under ein konsert i Voss kulturhus i november 2012. 100-års jubiléumssesongen 2017-2018 vart eit stort høgdepunkt i Fossegrimen si lange historie. Den byrja med ein uformell ”Stikk-innom”-konsert i vestibylen i Gamlekinoen på Voss midt under det årlege Smalahovesleppet i slutten av september, der 10-11 av orkesteret sine musikarar framførte kjente og velklingande klassiske perler for eit entusiastisk publikum. Hovudoppgåva denne hausten var innstuderinga og framføringane av Händels ”Messias” i Norheimsund kyrkje 9. desember og i Nain på Voss dagen etter. Solistar var sopranen Sunniva Lien Olsen, tenoren Harald Bjørkøy og bassen Øystein Skre. Saman med eit topptrimma Fossegrimens prosjektkor som Lars Ragnvaldsen hadde ansvaret for vart det minneverdige framføringar, vel noko av det beste vi nokon gong har prestert. Laurdag 10. februar vitja vi Knarvik kyrkje med eit konsertprogram der oboisten Karolina Chmielewska og den unge, lovande cellisten Åshild Brunvoll var solistar. Dagen etter var klart for stor jubiléumskonsert i Nain på Voss, nå med to unge solistar som begge tidlegare har vore aktive i Fossegrimen: igjen Åshild Brunvoll i ”From Jewish Life” av Ernest Bloch og Børge Styve i to satsar frå Haydns kjende trompetkonsert. På programmet stod m.a. også Erik Eggen sin ”Norsk rapsodi” for orkester. Professor Gunnstein Akselberg var ein inspirert og inspirerande konferansier. ”Strålande solistar, eit orkester som leverte, ein konferansier i stjerneklassen, ein dirigent som alltid får det beste ut av musikarane … ei verdig og flott markering av det eineståande faktum at me har eit hundre år gammalt symfoniorkester i bygda” stod det m.a. å lesa i avisa Hordaland.
Men 100-års feiringa var ikkje slutt med dette. Som avslutning på jubileumssesongen baud vi Jonsokkvelden 23. juni inn til stor festkonsert i Gamlekinoen på Voss, der vi hadde fått den verdskjende pianisten Leif Ove Andsnes som solist i Mozart sin pianokonsert nr. 21. ”Magisk festkonsert” var overskrifta på omtalen i avisa Hordaland. Publikum i den fullsette salen og musikarane i orkesteret fekk ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. ”Konserten med Leif Ove Andsnes og Fossegrimen laurdag vil verta ståande som ei av dei største enkelthendingane på Voss på lang tid” skreiv redaktøren i Hordaland. Dagen etter fekk eit like talrikt og entusiastisk publikum i Kviknesalen i Balestrand oppleva den same magien. – Som gåve til jubilanten hadde Voss kommune invitert solist, dirigent, orkestermusikarar og andre til ei hyggeleg samkome i kafeteriaen i Tinghuset etter konserten i Gamlekinoen, og vi nytta dette høvet til utnevna Dagfinn Rohde som æresmedlem i Fossegrimen. Kvar sesong er det vanlegvis fire ulike konsertprogram som vert innstuderte og framførde på Voss og rundt om i regionen. Eit oversyn viser at gjennom desse hundre åra har Fossegrimen hatt til saman registrerte 540 konsertar og andre offentlege framføringar, om lag 1/3 av desse under Dagfinn Rohde sin taktstokk. Som regionalt symfoniorkester sidan 1981 har Fossegrimen spelt ein eller fleire gonger i 13 ulike kommunar i Hordaland i tillegg til Voss, og det har hatt konsertar i Haugesund, Vik i Sogn, Aurland, Lærdal og Balestrand. Fossegrimlauget er eit nytt tiltak som vart skipa i 2017. Dette er eit venelag for dei som ynskjer eit tettare og meir langsiktig samarbeid med orkesteret, og såleis vil vera støttespelar for eit viktig og tradisjonsrikt kulturtiltak i regionen vår. Mange verksemder har teikna seg som laugsmedlemer. Fossegrimen tel 30-35 musikarar frå Voss og grannekommunane. Dei møtest til øving kvar veke i Voss kulturhus. Mange har vore med i orkesteret i fleire ti-år og har gjort eit stort arbeid i å sikra orkesterdrifta, både musikalsk og administrativt. Til nå har Fossegrimen utnemnt sju æresmedlemer for deira langvarige og verdfulle innsats for orkesteret: Leiv Gjerskvål, Johannes Hellene, Sigurd Petersen, Olav Berge, Gaute Sandvik, Peder Ringdal og Dagfinn Rohde. Gledeleg er det at også dei unge kjem med i Fossegrimen, fleire av medlemene er ungdomar i alderen 15-20 år. Fossegrimen vert administrert av eit styre med 5 medlemer. Styremedlemer i jubiléumsåret er Peder Ringdal, Halvard Bjørgo, Brynjulv Norheim, Knut Brunvoll og Bridget Penny. |