fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Konsert med unge musikarar sundag 26. mai.

Orkesteret Fossegrimen har i mange år hatt eit tett samarbeid med Voss kulturskule med tanke på at å spela saman med vaksne i eit stort orkester vil gi elevane inspirasjon til vidare musikkopplæring, og med eit håp om at det kan betra rekrutteringa til orkesteret. Såleis har elevar år om anna vore med og spelt i utvalde musikkstykke på konsertane vore.

På Fossegrimen sin sesongsavslutningskonsert I år vil vi saman med Voss kulturskule sitt eige orkester – ”Fossekallen” – framføra eit meir omfatande program. To unge fiolinelevar skal for første gong vera solistar med eit større orkester, og elles framfører vi velklingane og fin orkestermusikk av Jean Sibelius, Peter Tsjaikovskij, Tielman Susato og ikkje minst den populære ”Pirates of the Caribbean” av Klaus Badelt. Denne delen av konsertprogrammet vert dirigert av Julie Røssland.

Amalie Umandi Lien

 

Amalie Umandi Lien er 12 år og bur I Bjørgamarka. Siste 4 åra har ho spelt fiolin og har siste året hatt Stepan Frolov som lærar I Voss kulturskule. Ho er solist i 1. satsen i Oscar Rieding sin fiolinkonsert i h-moll.Michelle Johnsen


Michelle Johnsen
er frå Kaland i Vallavik. Ho er 14 år og ho har også spelt fiolin i 4 år, siste året med Stepan Frolov som lærar I Voss kulturskule. Ho er solist I 2. og 3. satsen I Rieding sin fiolinkonsert i h-moll.



IMG 9733Julie Røssland
går siste året på Musikklina på Voss gymnas. Etter at ho byrja å spela klarinett I Voss skulemusikk I 2008 har interessa for musikk berre vorte sterkare. Ho har utvikla seg til å bli ein svært dugande klarinettist og spelar nå I elitekorpset I Dragefjellets musikkorps I Bergen. Siste 2-3 åra har ho I tillegg konsentrert seg om dirigering, og då Voss kulturskule hausten 2017 som første I landet byrja med direksjonsundervisning melde ho seg på, og også her har ho vist stor framgang. Alt nå har ho dirigert fleire korps, kor og orkester i ulike samanhengar, m.a. leia ho Kongekorpset under åpninga av Festspela I Bergen i 2018. Ho er dirigent for Voss skulemusikk sitt juniorkorps, ho har vore vikardirigent I Universitetets Symfoniorkester i Bergen, og I november I fjor dirigerte ho strykarane I Fossegrimen under Voss Sparebank sin jubileumskonsert I Vangskyrkja. Til hausten byrjar ho bachelor-utdanninga I direksjon ved Universitetet I Stavanger.1 2

Fossegrimen, leia av sin faste dirigent Dagfinn Rohde, vil ha sin eigen avdeling med musikk av Dimitrij Sjostakovitsj, Geirr Tveitt og Modest Mussorgskij. Konsertmeisteren vår og fiolinlærar i Voss kulturskule dette året har vore Stepan Frolov etter at han fullførte masterstudiet i utøving (klassisk) ved Norges Musikkhøgskole i 2018. Han vil vera solist i musikk frå filmen ”Schindler’s liste” av John Williams.

Konferansier på konserten er rektor ved Voss kulturskule Oddvar Nøstdal.

Vel møtt til ei triveleg musikkstund med “Fossekallen” og Orkesteret Fossegrimen I Voss kulturhus sundag 26. mai kl. 19:00.

Billettar: https://vosskulturhus.no eller ved inngangen. Bill.pris: kr. 150,- (born/ungdom under 18 år gratis).