Lektor Erik Eggen, som skipa Orkesteret Fossegrimen i 1917. Foto: Ukjent

Orkesteret Fossegrimen vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen (1877-1957) ved Voss off. Landsgymnas. Nokre år tidlegare hadde han fått i stand ein strykekvartett blant kollegaene sine. Denne vart etter kvart utvida med fleire musikarar, både strykarar og blåsarar, og i 1917 var dei mange nok til å skipa eit eige orkester.

Orkesteret fekk navnet Voss Musiklag, og hadde sin første offentlege konsert 24. mars 1918 i Voss Ungdomshall. Konserten fekk strålande omtale i lokalavisa “Hordaland”: “At musikklivet vert vekt til live, har meir aa segja enn kan henda dei fleste trur” stod det å lesa. Men orkesteret kvilde ikkje på laurbæra. Med Eggen som dirigent auka medlemstalet, og fleire konsertar vart det i åra frametter – ofte i Vangskyrkja 17. mai og ofte saman med lokale kor. På repertoaret stod gjerne verk av Grieg, Handel, Schubert, Schumann og Wagner. I 1921 vart navnet endra til Orkesteret Fossegrimen, og det hadde då rundt 25 aktive medlemer, både strykarar og blåsarar. Peter Berg og Svein Stuve var Fossegrimen sine første styreleiarar, og dei la ned eit stort organisatorisk arbeid for orkesteret gjennom mange år samstundes som dei også var gode musikarar, Berg spelte fløyte og Stuve spelte cello og var dessutan ein ihuga korsongar.

Kristoffer Kleive

Erik Eggen gav seg som dirigent for Fossegrimen i 1933, og busette seg seinare i Ringsaker. Etter noko stillstand kom orkesteraktiviteten igang igjen då organist Kristoffer Kleive (1913-2005) overtok som dirigent vinteren 1936. Han leia orkesteret fram til krigsutbròtet i 1940. I denne tida hadde han ansvaret for fleire større konsertprosjekt med Fossegrimen, ofte med brørne Eirik og Anton Ringheim som fiolinsolistar. Dei første åra under okkupasjonen fungerte ikkje orkesteret, men frå 1942 var det i full gang igjen, med den nytilsette organisten Carl-Trond Nedberg (1917-2004) som fast dirigent.

Igjen fekk Fossegrimen ei aktiv tid, med mange konsertar og aukande medlemstal. På orkesteret sin 30-års jubiléumskonsert i 1948 var Erik Eggen attende som gjestedirigent, og på programmet stod m. a. hans Norsk rapsodi for orkester frå 1928, som han hadde tileigna Fossegrimen. Seinare same året spelte orkesteret Edvard Griegs klaverkonsert for første gongen, då med Nedberg som solist og lektor Knut Tylden som dirigent. I 1950 var det eit større samarbeidsprosjekt med Odda Orkesterforening, der m.a. Beethovens 5. symfoni vart framført. Fru Norma Nedberg var ei framifrå fiolinistinne og var solist i Johan Svendsens Romanse.

Orkesteret Fossegrimen i 1948. Dirigent Carl-Trond Nedberg, og kona Norma, som spelte
både fiolin og bratsj, sit i fremste rekkja som nr. tre og fire frå høgre. Foto: Braatens Eftf

Ekteparet Nedberg gjorde eit stort arbeid for musikklivet på Voss, m.a. var dei i 1948 pådrivarane til Orkesterskulen som var meint som rekruttering av unge musikarar, og då særler strykarar, til Fossegrimen. Orkesterskulen skulle seinare verta til Voss kommunale Musikkskule og til det som i dag er Voss kulturskule.

Arvid Aarsnes dirigerer Orkesteret Fossegrimen i Nain 28.02.56. Foto: Braatens Eftf

I 1952 flytta familien Nedberg til Narvik. Men straks etter var den nye dirigenten, organist Arvid Aarsnes (1920-2012), på plass framfor Fossegrimen, og seinare same året spelte orkesteret Beethovens 3. klaverkonsert med Ingebjørg Gresvik som solist, ei av de heilt store opplevingane i orkesteret si soge. I 1953 vart Gabriel Fauré sitt rekviem framført for første gongen her i landet i samband med åpninga av den nyrestaurerte Vangskyrkja på Voss, og i 1957 ved Per Sivle sitt 100-årsminne urframførte Fossegrimen tingingsverket Sju Sivlesongar opus 166 av Geirr Tveitt med Ingrid Bjoner og Egil Nordsjø som solistar.

Nils Tveit, seinare kjend som pianist og komponist under namnet Geirr Tveitt, var elev på landsgymnaset og spelte med Fossegrimen. På biletet ser vi òg Magnus Dagestad. Nain, 18. januar 1953. Foto: Ukjent

Ellers hadde Fossegrimen rike år under leiing av Aarsnes, som frå 1962-63 fekk hjelp og etter kvart avløysing av den nederlandske fiolinisten Rudolf Zwartjes (1934-) som då hadde busett seg på Voss. Serleg strykarane hadde ei aktiv og utviklande tid under hans taktstokk. Denne delen av orkesteret vart mykje nytta i kyrkjelege samanhengar, og mange større og mindre verk frå barokken vart framførde, ofte i samarbeid med lokale kor. Men frå 1972 vart blåsarane meir med att. På orkesteret sin 60-års jubiléumskonsert i 1978 stod Mozarts 40. symfoni på programmet, og Fossegrimen sin mangeårige konsertmeister, Anton Ringheim, var igjen solist i Svendsens fiolinromanse. Griegs klaverkonsert med Else Kleynenberg som solist vart også framført. Ellers var orkesteret i 1975 med i eit TV-opptak i Vangskyrkja, der Telemanns bratsjkonsert vart spelt, då med Zwartjes som solist og Aarsnes som dirigent.

Våren 1979 takka Zwartjes av som dirigent for Fossegrimen, men han har sidan i fleire periodar vore aktiv som musikar i orkesteret. Utan ny dirigent til å ta over fekk orkesteret ei vanskeleg tid framover. Men Birger Rostrup (1916-1995) tok på seg oppgåva å leia orkesteret, og fleire konsertar vart det både på Voss og i regionen, m.a. samarbeidskonsertar med Dale Mannskor.

Lars Ragnvaldsen har vore dirigent og korinstruktør i regionen i over 50 år.
Foto: Knut Markhus/Avisa Hordaland

Hausten 1981 tok organist Lars Ragnvaldsen (1944-) over arbeidet som fast dirigent for orkesteret, og han leidde orkesteret inn i ei ny blømingstid og aktiv utviklingsperiode. I dei 10 åra han var musikalsk leiar hadde Fossegrimen 8-10 offentlege konsertar kvart år rundt om i regionen, gjerne med 4 forskjellige program. Fleire store og krevjande verk vart framførde, ofte med ulike samarbeidspartnarar. I 1985 produserte Fossegrimen eit eige videoprogram, Hardingfela og symfoniorkesteret – ulike tradisjonar i samklang, med Sigbjørn Bernhoft Osa som solist og forteljar. Programmet vart seinare vist i NRK-Fjernsynet. I denne tida vart det også etablert ei distriktsmusikarordning i regionen med tre musikarar fast knytte til orkesteret på deltid. Dei fekk oppgåver som konsertmeister og gruppeleiarar og har sidan vore sentrale i orkesteret si utvikling. Som lærarar i kulturskulen har dei hatt ei viktig oppgåve i rekrutteringsarbeidet til orkesteret, og det å ha med unge kulturskule-elevar har vore viktig for Fossegrimen. Etter at Lars Ragnvaldsen slutta som dirigent for orkesteret har han halde fram som korinstruktør i samband med Fossegrimen sine årlege framføringar av ulike oratorier og messer. 

Det var likevel store rekrutteringsvanskar og fallande medlemstal, ikkje minst fordi ein på mange måtar stod ved eit generasjonsskifte. I 1981 vart det valt eit nytt styre med Peder Ringdal som styreleiar, og Fossegrimen vart organisert som eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane der målet var å samla interesserte musikarar i heile regionen i eitt orkester og å ha regelmessige konsertar her. Eit tettare og meir strukturert samarbeid med musikkskulane vart ein viktig hjørnestein i orkesteret sitt arbeid.

Dirigent Dagfinn Rohde

Sidan hausten 1991 har Dagfinn Rohde (1951-) hatt ansvaret som fast dirigent og kunstnarleg leiar for Fossegrimen. Han er såleis den 8. i rekkja av orkesteret sine faste dirigentar gjennom tidene, og han er den som har hatt lengst tenestetid. Med sin bakgrunn og lange røynsle som fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester har han hatt svært mykje å tilføra orkesteret, og under taktstokken hans har det gjort nye store sprang i utviklinga si, både når det gjeld stabilitet og kvalitet. Oppgåvene desse åra har vore talrike og svært allsidige med eit repertoar som spenner over musikk frå 1600-talet og heilt fram til våre dagar, og høgdepunkta har nærmast stått “i kø”. Av større og krevjande verk som vi har framført under Rohde si leiing kan nevnast Gloria av Vivaldi (2001), oratoria Messias av Händel (1987-1990-1993-2000-2003-2007-2012-2017), Skapelsen av Haydn (1994-2004-2008) og Paulus av Mendelssohn (1995-1997-2005-2010), Messa di Gloria av Puccini (2002-2006-2013), og rekviem-messene av både Cherubini (2000-2014) og Mozart (2009-2018). Kor-orkesterprosjekta var i mange år eit samarbeid med Voss og omland kantori (VOK), som ofte var utvida til stort regionalt kor, men frå 2013 har vi hatt vårt eige Fossegrimens Prosjektkor. Av andre oppgåver kan nevnast Dvoraks cellokonsert med Aage Kvalbein som solist i 1997, Geirr Tveitts hardingfelekonsert nr. 2 – Tri Fjordar – med Nils Økland i 1992 og Gjermund Larsen i 2008, Haydns trompetkonsert med Ole Edvard Antonsen i 1998, Chopins klaverkonsert nr. 1 med Håvard Gimse i 2006 og Svendsens symfoniar (1994, 2002). Griegs klaverkonsert med Geir Botnen framførte vi i 2006, og under Osafestivalen i 2007 sto Tveitt sine Sju Sivlesongar igjen på programmet. Orkesteret sine 90 år vart markert med ein stor jubiléumskonsert våren 2008, der søstrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing var solistar på fiolin.

For Fossegrimen var det ei krevjande oppgåve
å spela og fylgje handlinga i stumfilmen 
Brudeferden i Hardanger frå 1926.

Våren 2009 baud på nye store utfordringar med framsyning av stumfilmen Brudeferden i Hardanger frå 1926. Filmen var nyleg blitt restaurert og digitalisert, og Halldor Krogh hadde funne fram til og arrangert musikken som vart spelt av stort orkester då filmen vart vist dei første gongene i Oslo i 1927. For Fossegrimen-musikarane var det ei krevjande oppgåve å spela og samstundes “halda fylgje med” handlinga som utspelte seg på filmlerretet, men med Dagfinn Rohde si sikre og stødige leiing gjekk dette svært så bra, og om hausten vart filmen vist igjen, først på Voss og så i Balestrand. Ei anna av dei heilt store hendingane i Fossegrimen si lange historie er konserten It’s all about Jazz i ein fullpakka Fraktgodsen på Voss 13. juni 2010. Med kjende jazz-låtar, arrangert for stort symfoniorkester, fekk publikum oppleva orkesteret frå ei anna side, og Andrew Litton, sjefsdirigenten i Bergen Filharmoniske Orkester, trollbatt alle som klaversolist i Rhapsody in Blue av Gershwin. Stor stas var det då han som “ekstranummer” dirigerte Fossegrimen i Vals nr. 2 frå Jazz Suite nr. 2 av Sjostakovitsj. Svært vellukka var og konsertane som orkesteret heldt 19. og 20. mars 2011 som ein del av åpningsmarkeringa av det nye kulturhuset på Voss. Her framførte vi kjende perler frå opera- og operettelitteraturen med Ingrid Langen Fjose og Arild Helleland som solistar. 

Andrew Litton, daverande sjefsdirigent i Bergen Filharmoniske Orkester, trollbatt alle som klaversolist i Rhapsody in Blue av Gershwin.
Foto: Svein Ulvund/VossNow

Mange musikalske høgdepunkt er det også blitt dei seinare åra med yngre og lovande musikarar som solistar, fleire av dei med ei fortid i Fossegrimen. Såleis var Børge Styve i 2011 solist i to satsar i Jan Krtitel Neruda sin trompetkonsert, Inger-Kristine Riber i Beethovens 3. klaverkonsert i 2012 og i Geirr Tveitt sin første klaverkonsert i 2017, Jarl Eivind Aspen i Mozart sin obokonsert i 2013, Sondre Fjose Sandberg i to satsar frå Mozart sin fiolinkonsert nr. 3 i G-dur i 2014, og i 2016 Mari Persen på fiolin i Faurés “Après un Rève” og sopranen Mari Bryn i fleire oratoriearier. Yngre kulturskule-elevar er med i orkesteret med tilrettelagde stemmer på mange av prosjekta, og våren 2015 hadde vi eit flott samarbeid med kulturskulane i Osterøy, Lindås og Voss. I 2016 var det igjen utfordringar med uvante rytmar og harmoniar i samspelet med den legendariske rockegruppa Shades of Blues, der musikken var arrangert og tilrettelagt av Halldor Krogh. 

Men vi har òg hatt eldre og etablerte musikarar som solistar: Margit Mørkve Botterill, Harald Bjørkøy og Magne Fremmerlid var solistar i Händels Messias i 2012, Jon Faukstad i Fem nordiske portrett for akkordeon og strykarar av Henning Sommerro (2014) og Alexander Aluf i Mozarts hornkonsert nr. 3 i Ess-dur (2015). Det skal òg nemnast at Fossegrimen hadde konsertar på festivalen Hardingtonar i Norheimsund både i 1999 og i 2005, og orkesteret har mange gonger medverka på den årlege Osafestivalen på Voss, som vi også er medarrangør av.

Gjennom åra har Fossegrimen hatt samarbeidsprosjekt med fleire andre orkester og lag: i 1950 med Odda Orkesterforening, i 1956 med Dale Musikkforening, i 1988 med Nord-Rogaland Symfoniorkester i Haugesund, i 1990 med Symfoniorkesteret i Sogn, i 2002 med Fana Kammerorkester og i 2004 Bergens Turnforenings Orkester, Evanger Musikklag i 2001 og 2014, og Voss Spelemannslag i 2015.  

Mange ville kjøpa boka og få ho signert av forfattaren Arvid Møller, som var til stades under lanseringa og fortalde om arbeidet med boka. Foto: Svein Ulvund/VossNow

Etter fleire års arbeid med innsamling og systematisering vart Orkesteret Fossegrimen si lange historie endeleg samla og gitt ut i bokform, og den innhaldsrike og flotte Symfoni på Voss, skrive av forfattaren Arvid Møller, vart lansert under ein konsert i Voss kulturhus i november 2012. Boka innheld opplysningar, fotografiar og anna materiale om Fossegrimen si verksemd i nesten 100 år.

100-års jubiléumssesongen 2017-2018 vart eit stort høgdepunkt i Fossegrimen si lange historie. Den byrja med ein uformell ”Stikk-innom”-konsert i vestibylen i Gamlekinoen på Voss midt under det årlege Smalahovesleppet i slutten av september, der 10-11 av orkesteret sine musikarar framførte kjente og velklingande klassiske perler for eit entusiastisk publikum. Hovudoppgåva denne hausten var innstuderinga og framføringane av Händels ”Messias” i Norheimsund kyrkje 9. desember og i Nain på Voss dagen etter. Solistar var sopranen Sunniva Lien Olsen, tenoren Harald Bjørkøy og bassen Øystein Skre. Saman med eit topptrimma Fossegrimens prosjektkor som Lars Ragnvaldsen hadde ansvaret for vart det minneverdige framføringar, vel noko av det beste vi nokon gong har prestert. Laurdag 10. februar vitja vi Knarvik kyrkje med eit konsertprogram der oboisten Karolina Chmielewska og den unge, lovande cellisten Åshild Brunvoll var solistar. Dagen etter var klart for stor jubiléumskonsert i Nain på Voss, nå med to unge solistar som begge tidlegare har vore aktive i Fossegrimen: igjen Åshild Brunvoll i ”From Jewish Life” av Ernest Bloch og Børge Styve i to satsar frå Haydns kjende trompetkonsert. På programmet stod m.a. også Erik Eggen sin ”Norsk rapsodi” for orkester. Professor Gunnstein Akselberg var ein inspirert og inspirerande konferansier. ”Strålande solistar, eit orkester som leverte, ein konferansier i stjerneklassen, ein dirigent som alltid får det beste ut av musikarane … ei verdig og flott markering av det eineståande faktum at me har eit hundre år gammalt symfoniorkester i bygda” stod det m.a. å lesa i avisa Hordaland.

Frå jubileumskonserten i Nain, der Åshild Brunvoll og Børge Styve var solistar. Foto: Herheim foto

Laurdag 17. mars var det ein storarta jubileumsfest på Ole Bull Akademiet med over 70 gjester, både nåverande og tidlegare musikarar og andre innbedne. Det var stor stemning med gode talar, blomehelsingar og gilde gåver, ein strålande og minnerik kveld.

Men 100-års feiringa var ikkje slutt med dette. Som avslutning på jubileumssesongen baud vi Jonsokkvelden 23. juni inn til stor festkonsert i Gamlekinoen på Voss, der vi hadde fått den verdskjende pianisten Leif Ove Andsnes som solist i Mozart sin pianokonsert nr. 21. ”Magisk festkonsert” var overskrifta på omtalen i avisa Hordaland. Publikum i den fullsette salen og musikarane i orkesteret fekk ei musikalsk oppleving av dei sjeldne. ”Konserten med Leif Ove Andsnes og Fossegrimen laurdag vil verta ståande som ei av dei største enkelthendingane på Voss på lang tid” skreiv redaktøren i Hordaland. Dagen etter fekk eit like talrikt og entusiastisk publikum i Kviknesalen i Balestrand oppleva den same magien. – Som gåve til jubilanten hadde Voss kommune invitert solist, dirigent, orkestermusikarar og andre til ei hyggeleg samkome i kafeteriaen i Tinghuset etter konserten i Gamlekinoen, og vi nytta dette høvet til utnevna Dagfinn Rohde som æresmedlem i Fossegrimen.

Konserten i Gamlekinoen med Leif Ove Andsnes var ei magisk og eineståande oppleving.
Foto: Marita Saue Hamre/Avisa Hordaland

Kvar sesong er det vanlegvis fire ulike konsertprogram som vert innstuderte og framførde på Voss og rundt om i regionen. Eit oversyn viser at gjennom desse hundre åra har Fossegrimen hatt til saman registrerte 540 konsertar og andre offentlege framføringar, om lag 1/3 av desse under Dagfinn Rohde sin taktstokk. Som regionalt symfoniorkester sidan 1981 har Fossegrimen spelt ein eller fleire gonger i 13 ulike kommunar i Hordaland i tillegg til Voss, og det har hatt konsertar i Haugesund, Vik i Sogn, Aurland, Lærdal og Balestrand. 

Drift av eit orkester på dette nivået er mogeleggjort med midlar frå Voss kommune og Hordaland fylkeskommune, og konsertstønader frå ulike andre kommunar, tilskot frå vår hovudsponsor Voss Sparebank og frå velvillige private sponsorar og annonsørar, billettinntekter og medlemskontingentar, og tilskot frå ymse andre instansar.

Fossegrimlauget er eit nytt tiltak som vart skipa i 2017.  Dette er eit venelag for dei som ynskjer eit tettare og meir langsiktig samarbeid med orkesteret, og såleis vil vera støttespelar for eit viktig og tradisjonsrikt kulturtiltak i regionen vår. Mange verksemder har teikna seg som laugsmedlemer.

Fossegrimen tel 30-35 musikarar frå Voss og grannekommunane. Dei møtest til øving kvar veke i Voss kulturhus. Mange har vore med i orkesteret i fleire ti-år og har gjort eit stort arbeid i å sikra orkesterdrifta, både musikalsk og administrativt. Til nå har Fossegrimen utnemnt sju æresmedlemer for deira langvarige og verdfulle innsats for orkesteret: Leiv GjerskvålJohannes HelleneSigurd PetersenOlav Berge, Gaute Sandvik, Peder Ringdal og Dagfinn Rohde.