
Fossegrimlauget
– støttespelarar og samarbeidspartnarar
Fossegrimlauget er venelaget til Orkesteret Fossegrimen, og vart etablert i høve orkesteret sitt 100-årsjubileum i 2017. Lauget samlar verksemder som ønskjer å bidra i eit tettare og langsiktig samarbeid med orkesteret, og slik vere med på å styrkje og vidareutvikle eit tradisjonsrikt, regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane.
Som laugsmedlem blir verksemda ein synleg støttespelar for klassisk musikk i regionen. De er med på å sikre at born, unge og vaksne får høve til å spela i eit symfoniorkester og oppleva levande klassisk musikk i sitt eige nærmiljø.
Fossegrimen er ein frivillig organisasjon utan tilsett administrasjon, og orkesteret består hovudsakleg av amatørmusikarar. Samstundes fungerer orkesteret som ein læringsarena for unge talent, der dei kan utvikle ferdigheiter saman med erfarne musikarar og delta i profesjonelt planlagde konsertprosjekt. Det er kostnadskrevjande, sjølv med stor frivillig innsats, å drifta eit symfoniorkester og gjennomføra store konsertprosjekt!
Eit venelag for framtida
Gjennom meir enn hundre år har Fossegrimen vore ein møtestad for musikarar på ulike nivå og i ulike livsfasar. At regionen framleis har eit symfoniorkester der både dei yngste og dei mest erfarne kan utvikle seg side om side, er resultatet av innsats frå musikarar, frivillige, kommunar og engasjerte støttespelarar i næringslivet.
Med Fossegrimlauget ønskjer vi å synleggjere desse verksemdene og løfte fram det verdifulle samspelet mellom kultur- og næringsliv. Støtta frå lauget bidreg til eit inkluderande orkestermiljø som rekrutterer, utviklar og inspirerer musikarar i alle aldrar.
Laugsmedlemmane får også nokre motytingar som takk for støtta, mellom anna:
- Profilering på orkesterets nettside, i konsertprogram og andre kanalar
- Rabatt på billettar til konsertar eller tilbod om gratisbillettar
Betydninga av støtta
Støtta frå Fossegrimlauget, saman med bidrag frå sponsorar og offentlege aktørar som Voss kommune og Hordaland fylkeskommune, gjer det mogleg å gjennomføra dei fire store konsertprosjekta vi har kvart år, og skape varierte og ambisiøse konsertprogram som gjev:
- Gode utviklingsmoglegheiter for musikarar i alle aldrar
- Rekruttering av nye talent
- Profesjonelle og inkluderande musikkprosjekt
- Konsertopplevingar som set spor hjå publikum
Slik bidreg desse samarbeidspartnarane til at Fossegrimen kan halde fram som ein aktiv og synleg kulturaktør, og som ein viktig byggestein i eit rikt og levande musikkliv i regionen.
Vi takkar dykk
Vi vil rette ei stor og varm takk til alle som er med i Fossegrimlauget eller på annan måte bidreg med drifts- og prosjekttilskot. De bidreg til å halde musikktradisjonane levande, og de gjev oss kraft til å skape sterke konsertopplevingar, nye satsingar og eit inkluderande musikkliv på Voss og i grannekommunane.
Vil di verksemd bli med?
Verksemder kan bli med i Fossegrimlauget gjennom laugspakka Symfonien eller som sponsor.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om mogleg samarbeid.
Kontakt:
Bridget Penny – tlf. 930 44 506
Christiane Lid – tlf. 473 38 497
E-post: post@fossegrimen.no
Sponsorar og laugsmedlemmar:








