Sidan hausten 1991 har orkesteret Fossegrimen vore så heldige å ha Dagfinn Rohde som fast dirigent og kunstnarleg leiar. Han er opprinneleg frå Snåsa i Nord-Trøndelag, og har vore fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) i over 40 år, frå 1978 og heilt til han vart pensjonist vinteren 2019. Vi er glade for at han held fram som dirigent for Fossegrimen.

Han vaks opp i ein heim med mykje musikk, og alt som 11-åring byrja han å ta undervisning på fiolin. Seinare studerte han både på Østlandets Musikkonservatorium og Norges Musikkhøgskole, der han tok hovedeksamen i 1977. I Oslo hadde han Leif Jørgensen og Camilla Wicks som lærarar. To studieopphald i England har det også vorte rom for.

Heilt sidan studietida har han vore aktiv kammermusikar, og i 1975 var han med på oppstartinga av Det Norske Kammerorkester. Elles var han fleire gonger med i Ungdomssymfonikerne i Elverum, også som konsertmeister. I 1978 vart han tilsett som fiolinist i ”Musikselskabet Harmoniens Orkester” i Bergen, seinare Bergen Filharmoniske Orkester, og ei tid var han gruppeleiar for 2. fiolingruppa her.

Dagfinn Rohde har vore svært aktiv i musikklivet i Bergen. Såleis har han spelt i Collegium Musicum og i Bergen Kammerensemble, og han har vore solist i båe gruppene. Etter kvart har han meir og meir utfalda seg som dirigent. I åra 1986-91 leia han Universitetets Symfoniorkester i Bergen, og gjennom NASOL (Norske Symfoni-Orkestres Landsforbund) vart han peika ut som norsk representant til eit nordisk dirigentkurs i Växjø i Sverige i 1991. Etter det har han dirigert Collegium Musicum og Divisjonsmusikken i Bergen fleire gonger, og jamvel sjølvaste Bergen Filharmoniske Orkester.

Fossegrimen dirigerte han første gongen vinteren 1991, og sidan hausten same året har han vore orkesteret sin faste dirigent. i løpet av over 30 år har han leia oss gjennom meir enn 200 konsertar og ulike andre tilstellingar. Det musikalske repertoaret har vore svært innhaldsrikt og variert og spenner over fire hundreår, med musikk for alt frå mindre instrumentalgrupper til stort symfoniorkester, frå teknisk sett lettare stykke til dei svært krevjande og mest umogelege å spela for amatørar, frå koralar til messer og oratorier, frå solistkonsertar og symfoniske verk til danse- og popmusikk. Han er alltid grundig førebudd, og resultata har jamnt over vore svært gode. Eit par gonger har han også vore solist med oss.

På spørsmål om kva musikk han set særleg pris på, svarar han at han er nokså altslukande når det gjeld dei ulike periodane i musikksoga. Han likar det han heldt på med nett der og då, anten som fiolinist eller som dirigent. Det er viktig for eit symfoniorkester å ha eit så variert repertoar som råd, både for eigen og for publikums del. Men så kjem det omsynet at heile orkesteret må få vera med og spela mest mogeleg. Då vil helst den romantiske perioden eller vår eiga tid koma inn i biletet.

Som profesjonell musikar likar Dagfinn Rohde svært godt å arbeida med amatørar. I Fossegrimen finn han både speleglede og iver. Han tykkjer det er viktig at vi år om anna har med oss solister av stort format, både for å gi inspirasjon og entusiasme til orkestermedlemene, og for å kunna gi publikum ei sjeldan fin musikkoppleving. Han er òg sterkt oppteken av rekrutteringsarbeidet og den avgjerande rolla dei kommunale kulturskulane spelar i denne samanhengen. Det har svært mykje å seia at desse skulane satsar på orkesterinstrument, særleg strykeinstrument, som eit fullverdig symfoniorkester treng mange av.

Det er ingen tvil om at Dagfinn Rohde og Fossegrimen finn seg godt til rette med kvarandre. Vi for vår del er svært glade for at han held fram arbeidet med orkesteret vårt, og vi set stor pris på den faglege dugleiken, det venlege tålmodet, den lune veremåten og den fine humoren hans.

Dirigent Dagfinn Rohde Foto: Svein Ulvund / Voss Now