Jolakonsertar

Andre helga i advent inviterer Orkesteret Fossegrimen til Skapinga av Haydn, i Nain. Saman med orkester, kor og solistar får publikum oppleve eit av dei store oratoria i musikkhistoria – ei kraftfull musikalsk skildring av lyset, livet og skapinga og ein stemningsfull pause i førjulsstria – velkomen!

Continue Reading →

Sommarkonsert med unge solistar frå Voss kulturskule

Orkesteret Fossegrimen inviterer til sommarkonsert, saman med unge musikarar frå Voss kulturskule. Det er ei stor glede for Fossegrimen å få invitera lokale talent frå kulturskulen sitt fordjupingsprogram til å spela saman med eit ekte symfoniorkester!
På denne konserten får me høyra seks unge solistar, fire pianistar og to fiolinistar. Vi får òg høyre tre solistar frå orkesteret sine eigne rekker.
Repertoaret er variert og sommarleg, og omfattar musikk av m.a. Bach, Mozart, Debussy, Albinoni, Halvorsen og Ole Olsen.

Continue Reading →