Laurdag 26/9 kl 19 inviterer orkesteret til haustkonsert i Nain, med eit variert klassisk program for ulike besetningar av strykarar og treblåsarar, og musikk i ulike stilartar og sjangrar.
Vel møtt til ein ny haust med Orkesteret Fossegrimen! Vi øver måndagar kl 18-21 i Voss kulturhus.
Nye og «gamle» musikarar velkomne!
Mellom høgdepunkta denne hausten er stikk-innom-konserten laurdag 26. september og jolekonsertane 5. og 6. desember.
Spelar du eit orkesterinstrument er du velkomen som musikar! Ta kontakt, eller kom til ei av øvingane våre. Ein kan prøve å vera med ein periode, begynne forsiktig med delar av repertoaret – eller kaste seg heilhjarta uti musikken! Orkesteret øver kvar måndag i Voss kulturhus frå kl 18 – 21. Klikk på overskrifta for å lesa meir!



