Boka om Fossegrimen – Symfoni på Voss

Denne praktboka høver godt som ei flott gåve, eller på eige nattbord! Her finn ein musikk- og lokalhistorie i eitt, med eit rikhaldig biletmateriale.

Etter fleire års arbeid med innsamling og systematisering vart boka om Orkesteret Fossegrimen si lange historie – Symfoni på Voss – lansert på orkesteret sin konsert i Voss kulturhus i november 2012. Forfattaren Arvid Møller har gjort eit omfattande og grundig arbeid, med omtale av orkesteraktiviteten, samtalar med tidlegare og noverande orkestermedlemer,og skildringar av andre kulturaktivitetar og miljø på Voss i nær og noko fjern fortid.

Journalisten og forfattaren Arvid Møller (1939-2020) vaks opp på Voss, men budde seinare på Lillehammer. Han var ein produktiv skribent og skreiv over 150 bøker, mange av dei biografiar, dokumentar- og portrettbøker. Han vart tildelt fleire utmerkingar for sitt forfattarskap, m.a.  Kulturprisen for Gudbrandsdalen, og Kongens fortenestmedalje i gull (2005).

Den innhaldsrike boka, som er i praktutgåve, er på 230 sider med rundt 240 fotografiar og illustrasjonar. Boka inneheld eit rikhaldig materiale om Fossegrimen si verksemd i nesten 100 år. Ho kostar kr. 398,- og er til sals hjå Vossevangen Libris og på NotaBene bokhandel i Amfi Senteret på Voss. Boka kan og tingast her hjå Orkesteret Fossegrimen.

Musikken som vart framført lanseringskvelden var komponert av nokre av dei musikarane som har vore med og spelt i Fossegrimen gjennom tidene: Erik Eggen, Geirr Tveitt, Johannes Hellene og Jo-Asgeir Lie.

Møller var sjølv til stades på konserten og fortalde om arbeidet med boka.

Samstundes vart videoprogrammet med Sigbjørn Bernhoft Osa – Hardingfela og symfoniorkesteret. Ulike tradisjonar i samklang – som Fossegrimen produserte i 1985-86, igjen gjort tilgjengeleg for sal, no i DVD-format.

Til å gjennomføra det viktige lokalhistoriske arbeidet som dette bokprosjektet er, har Fossegrimen motteke verdfull økonomisk støtte frå: Voss kommune, Voss Bygdeboknemnd, Voss Sparebank, Sparebanken Vest, Voss Veksel- og landmandsbank ASA, Sigbjørn Osa sitt fond v/Ole Bull Akademiet, Karen og Lars Helgelands Minnefond, avisa Hordaland, Voss Sogelag og frå anonyme gjevarar.

Fossegrimen takkar for all velvilje og verdfulle tilskot, som har gjort det mogeleg å realisera eit lenge ynskt og planlagt lokalhistorisk bokverk om ei sentral kulturverksemd i Vossebygda og i regionen i mest 100 år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *