Konsert til ære for nye Voss herad

Eit halvt år etter vår siste konsert er orkesteret klart med programmet som skulle vore spelt i vår, for å markere det nye heradet, men som måtte avlysast grunna korona-pandemien. Solist er Knut Hamre, og vi framfører musikk med tilknyting til Granvin og Voss, både i samspel og kvar for oss. Det blir ein heilnorsk toneklang som møter publikum denne helga, med konsert på Voss laurdag 26/9 og i Granvin sundag 27/9.

Continue Reading →

Konsertane våre i mars og juni er diverre utsett.

Grunna koronasituasjonen er konsertane våre i mars og juni utsett. Konserten med verk frå wienerklassisismen, romantikken og nyere tid, som vi skulle spelt i mars med Péter Palotai og Melina Mandozzi som solistar, er no sett opp 13. og 14 februar 2021, medan junikonserten med mellom anna Knut Hamre er utsett til siste helga i september 2020.

Continue Reading →