Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane. Orkesteret vart skipa i 1917, og tel i dag rundt 35 aktive medlemmar, både amatørar og yrkesutdanna i alle aldrar. Fossegrimen held 6-10 konsertar kvart år, og du er hjarteleg velkomen til å verte med, både som tilskodar og utøvar!

Førjulskonsertar med Fossegrimen - Tradisjonen tru byr Fossegrimen inn til førjulskonsertar med stort kor i Nain laurdag 7. desember og sundag 8. desember. I tillegg til det årlege prosjektkoret, samarbeider Fossegrimen denne gongen med koret ved musikklina på Voss gymnas. Vi framfører mellom anna 1. sats av Franz Schubert sin ufullendte symfoni, og vakre verk for kor og orkester av Gabriel Fauré og Felix Mendehlsohn. Klikk på plakaten for å lese meir om konserten, og for å kjøpe billettar.