Haustkonsert

Laurdag 26. september 2025 kl. 19.00
Nain

Orkesteret Fossegrimen inviterer til haustkonsert i Nain, med eit variert klassisk program for ulike besetningar av strykarar og treblåsarar, og med innslag av ulike stilartar og sjangrar.

På delar av konserten vil vi få forsterking av medlemar frå vårt eige ungdomsorkester Fossekallen. Det er ei hjartesak for Fossegrimen å bidra inn i musikkopplæringsarbeidet lokalt, og med på denne konserten blir også fleire elevar frå Voss Gymnas.

Eit hovudverk på konserten blir Carl D. von Dittersdorf sin konsert for obo d’amore, som kling litt mørkare enn den vanlege oboen. Sjølv om Dittersdorf er mindre kjend enn sine samtidige Mozart og Haydn, har han etterlate seg fleire verk som stadig står på konsertprogramma rundt omkring i verda. På obo d’amore får vi høyre tidlegare solo-oboist i Bergen Filharmoniske Orkester Steinar Hannevold, som har spelt med Fossegrimen fleire gonger før.

Ein kan vidare gle seg til vakre Waldesruhe eller Silent Woods av Antonin Dvorak, med Johanna Saaek som solist. Johanna er distriktsmusikar på Voss, og leier cellogruppa i Fossegrimen.

I Bruremarsj frå verket med same navn som orkesteret – Johan Halvorsen sin musikk til skodespelet Fossegrimen – er Håkon Asheim solist på hardingfele. Han jobbar til dagleg på Ole Bull Akademiet, og har vore med i orkesteret i ei årrekke.

Vi får også høyre rytmer og melodiar som mange vil dra kjensel på – frå andre deler av verda og andre genre enn det klassiske – som La Paloma og Shut Up and Dance! Det blir vakker musikk for instrument og samspelskombinasjonar som ein ikkje høyrer så altfor ofte, med musikarar i alle aldrar.

Dirigent på dei fleste stykka er Dagfinn Rohde.

Vi håpar mange har høve til å vitje Nain denne septemberkvelden!

Takk til vår hovedsponsor Voss sparebank og til Norges Orkesterforbund (NASOL) for støtte til konserten.

Billettar på TicketCo eller i døra: Vaksne kr 250, born og skuleelevar gratis.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.