Vel møtt til ein ny haust med Orkesteret Fossegrimen!
Første øving er måndag 17.8, som vanleg kl 18-21 i Voss kulturhus.
Spelar du eit orkesterinstrument, er du velkomen som musikar! Ta kontakt eller kom på øving. Er du litt rusten, kan du byrje forsiktig og vera med berre på delar av repertoaret. Ein kan òg vera med prosjekt for prosjekt.

Høgdepunkt denne hausten er:
- stikk-innom-konsert laurdag 26. september
- jolekonsertar 5. og 6. desember
Septemberkonserten vert ein stikk-innom-konsert med eit variert program for strykarar og treblåsarar. Repertoaret er ikkje heilt spikra, men førebels står desse verka på programmet:
- Dittersdorf sin obo d’amore-konsert, med Steinar Hannevold som solist
- Dvorak sin Waldesruh, med Johanna Saaek som solist
- Solveigs sang av Grieg
- Hornpipe og Bourrée frå Händel sin Water Music
- I tillegg skal treblåsarane øva inn nokre eigne verk

Vi håpar òg å få med oss ungdomsorkesteret Fossekallen på delar av denne konserten.
På jolekonsertane er det så langt avklara 2 verk:
- David Willcock sitt verk Christmas Carols for kor og orkester
- Bach sin Dobbelkonsert for obo og fiolin
Fossegrimen sitt prosjektkor startar opp med øvingar 1.oktober.
Fossegrimen deltek òg på frivilligheitsdagen på Voss 5.september med stand og kanskje noko aktivitet.
Dersom mange nok i orkesteret har høve til å vera med, skal vi på basarkonsert i Arna 31.oktober saman med fleire andre ensemble. Dette kolliderer med siste dag av Osafestivalen og kan difor vera vanskeleg å få til – men det er noko vi ikkje har vore med på før, så vi ser om vi klarer å stilla.
Her er førebels terminliste for orkesteret i haust:
