Aurland
Laurdag 6. juni kl 15

Det neste prosjektet vårt er ein sommarkonsert i Aurland laurdag 6. juni! Konserten blir ei feiring av speleglede og fellesskap, der ulike ensemble og musikalske sjangrar frå Vestlandet møtest og skaper musikk saman. Her får publikum oppleve korpsmusikk, klassisk musikk og folkemusikk side om side, i kvar sine avdelingar.
Til slutt vert dagen runda av med ei felles sommarleg markering for alle musikarane.
Er du litt rusten som musikar, samstundes som du går med ein draum om å spela i orkester, så vil vi gjerne høyre frå deg!
På denne konserten har vi med oss Bergens Musik Corps, der både dirigenten vår Dagfinn og to av musikarane våre, Halvard og Brede, spelar, og to av distriktsmusikarane i Sogn, Marin Stallemo på hardingfele og fiolin, og Hans Holgersson på cello. I tillegg deltek spelemannslag frå Aurland og Sogndal, og eit barnekor frå Aurland. Saman skapar vi ei variert musikalsk oppleving der både unge og erfarne musikarar står på scena.
Konserten startar klokka 15, og det blir øvingar i forkant for musikarane. Det klassiske programmet omfattar mellom anna musikk av Ole Olsen, Franz Schubert og Johan Halvorsen, med innslag som “Solefaldssang”, musikk frå Rosamunde, og både bruremarsj og “Fanitullen” med hardingfele som soloinstrument. I tillegg får vi høyre “Den fyrste song” med barnekor og strykarar.
Dette blir ein dag der musikken står i sentrum, og der det viktigaste er å spele saman og dele opplevinga med andre.
Programmet er tilgjengeleg og variert, og vi håpar mange vil vere med – både noverande og tidlegare medmusikarar, og andre som har lyst til å ta opp att instrumentet og bli ein del av fellesskapet. Bli med på ein inspirerande dag med musikk, samarbeid og sommarstemning, som musikar eller som publikum!
Vi startar øvingane i Voss kulturhus måndag 13. april klokka 18, og håpar å sjå deg både der og på konsert i Aurland!

Billettar kjem på TicketCo når det nærmar seg.
