Vårkonsert med klassiske perler!

Velkommen til vårkonsert med Fana Kammerorkester og Orkesteret Fossegrimen!

Orkesteret Fossegrimen har denne våren eit spanande samarbeid med Fana Kammerorkester om felles konsertar i Bergen og på Voss. Å slå saman orkestera slik gjev speleglede, fellesskap og eit anna klangbilete enn det dei har kvar for seg. Dei to orkestera har øvd inn eit program i samspel, og framfører dette på Voss 21. mars, og i Bergen neste dag. Konsertane vert haldne:

  • i Nain på Voss laurdag 21.mars kl 18
  • i Korskirken i Bergen søndag 22. mars kl 18

Vi framfører to vakre verk som er nye for oss, og fleire kjende og kjære meisterverk:
Dag Wirén: Serenad før Stråkorkester, opus 11
Serge Koussevitzky: Konsert for kontrabass og orkester
Jean Sibelius: Finlandia
Modest Mussorgsky: Heksenatt på Bloksberg
Eivind Groven: Hjalarljod

Solist på kontrabass er den internasjonalt kjende bassisten Igor Eliseev, til dagleg solobassist i Stavanger Symfoniorkester. Han er kjend for si forankring i St. Petersburgs bass-tradisjon og eit sterkt engasjement for å utvikla og fornya kontrabassrepertoaret, og har etablert seg som ein framifrå utøvar og lærar. Eliseev er ein ettertrakta solist verda rundt, og speler på ein unik Grancino-kontrabass frå 1670.

Strykeserenaden vert leia med stø hand av Fana Kammerorkester sin konsertmeister Sergey Letyagin, som er utdanna ved St. Petersburg Statskonservatorium og har vore tilsett i Bergen Filharmoniske Orkester sidan 2011.

Fiolinist Sergey Letyagin under Festspillene 2016. Foto: Thor Brødreskift/kavlifondet.no

Dirigent for resten av programmet er Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde, fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester i over 40 år.

Billettar til konserten på Voss: TicketCo
Billettar til konserten i Bergen vert selde i døra (kr 250 kontant/Vipps #742913).

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.