Jolakonsertar

Jolakonsertar med orkesteret Fossegrimen, prosjektkoret og gymnaskoret

Nain, Voss
Laurdag 6. desember kl. 17
Sundag 7. desember kl. 17

Andre helga i advent inviterer orkesteret Fossegrimen til ei flott musikkoppleving i Nain. Saman med Fossegrimen sitt kor og Gymnaskoret framfører orkesteret storverket Skapinga av Haydn. Også i år har vi med oss solistane Ingvill Holter (sopran), Erlend Tvinnereim (tenor) og Ludvig Lindstrøm (bass).

Oratoriet vart skrive mellom 1796 og 1798, ei tid der både tru, opplysningsideal og tru på framtida stod sterkt. Her skildrar Haydn skapingsforteljinga slik ho er kjent frå Bibelen – frå det første lyset til mennesket kjem til verda:

  • mørket før alt startar
  • lyset som bryt fram
  • hav og himmel som tek form
  • alt som kryp og spring får liv
  • og til slutt: mennesket

Haydn henta inspirasjon frå Første Mosebok og John Milton sitt Det tapte paradis. Han kombinerer klassisistisk klarheit med melodisk rikdom og skaper eit verk som både er tilgjengeleg og uttrykksfullt. Haydn ønskte å laga eit oratorium som kunne samanliknast med Händel sine verk, og resultatet har hatt ein sentral plass i konsertrepertoaret heilt fram til i dag. Skapinga blir rekna som eit av Haydn sine viktigaste verk og viser komponisten si store evne til å formidle natur, tru og menneskeleg undring gjennom musikk.

The Garden of Eden with the Creation of Eve, Jan Brueghel the Younger (1601–1678)

Lars Ragnvaldsen instruerer Fossegrimen sitt prosjektkor, medan Nina Mork Brunvoll og Elisabeth Opaas leiar Gymnaskoret. Dagfinn Rohde er orkester- og konsertdirigent.

Prosjektkoret, gymnaskoret og orkesteret har alle arbeidd godt gjennom hausten. Også denne gongen spelar musikarar frå SOFORK saman med oss, og vi set stor pris på det gode samarbeidet med musikarar, kor og instruktørar. Vi gler oss til å ynskja velkommen til ei konsertoppleving med vakker musikk – eit fint avbrekk i førjolstrida.

Billettar på TicketCo

Vel møtt til jolakonsert!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.