Stikk innom-konsert

Laurdag 27. september 2025 kl. 13.00
Voss Ungdomshall

Laurdag inviterer Orkesteret Fossegrimen til ein uformell føremiddagskonsert i Ungdomshallen. Vi får høyre strykarar og blåsarar spela eit variert repertoar i ulike stilartar og sjangrar i ulike større og mindre konstellasjonar, og som samla orkester!

Medlemane i orkesteret har vore kreative med å finna fram til ulike ensembleformer denne gongen – alt frå klarinettrio, fløytekvartett, over klassisk strykeorkester til den sjeldne duoen kontrafagott og piccolofløyte, som kombinerer den aller mørkaste og aller lysaste klangen i orkesteret!

Dette vert eit unikt høve til å verta betre kjend med nokre av instrumentgruppene våre, og musikken spenner frå barokk og wienerklassisk til ragtime og filmmusikk. Vi har òg funne nokre riktige godbitar av komponistar vi ikkje har hatt på plakaten tidlegare: Hania Reni med sitt fasinerande minimalistiske uttrykk (fiolinsolist: Edyta Bryk), og Fela Sowande som serverer smittande afrikansk rytmeglede!

Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde leier konserten. Vi kan love eit av dei mest varierte programma Fossegrimen har levert dei seinare åra!

Billettar på TicketCo eller i døra: Vaksne kr 100, born gratis.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.