Speleglede og ungt pågangsmot i kulturhuset.
Laurdag 24. mai inviterte Fossegrimen til konsert i Voss kulturhus, saman med born og unge musikarar frå Voss kulturskule og musikklina ved Voss gymnas. Det vart ei stemningsfull og variert konsertstund, der Voss sitt eige symfoniorkester spelte saman med fleire unge talent frå bygda.
Konserten opna med fire pianistar frå fordjupingsprogrammet i Voss kulturskule. Trass i ein skada finger leverte 11 år gamle Sandra Kvitne ei varm og uttrykksfull framføring av A Flower in Spring av Pyong Kwon Ji. Ho har spela piano sidan ho var fire år, og deltok òg på Dei unges konsert med Fossegrimen i juni 2024.

Dei andre unge pianistane var Milana Barabash (14), som framførte Beethoven sin Sonatina op. 49, Ingrid Eilertsen Hjetland (11) med Für Elise, og yngstemann på scena – ni år gamle Nikolai Tuchto – som framførte Mozart sin Rondo alla Turca. Det var imponerande å høyra så unge utøvarar ta plass med tryggleik og speleglede saman med orkesteret.

Seinare i programmet fekk vi høyra første sats av Bach sin Dobbelkonsert i d-moll, framført av fiolinistane Hans Olav Hjetland og Eivind Hjeltnes Rygg frå musikklina ved Voss gymnas. Begge speler òg i Fossegrimen til vanleg, og det var tydeleg at dei har god erfaring med å spela saman. Samspel, timing og klang var stødig gjennom heile satsen.


Orkesteret framførte òg fleire stykke på eiga hand, mellom anna Debussy sine Golliwogg’s Cake-Walk og Piken med linhåret, der konsertmeister Helga Hjetland var solist. I tillegg fekk vi høyra Norske eventyrbilete – prinsessen kjem ridande på bjørnen av Johan Halvorsen og Solefallssongen av Ole Olsen – to korte, stemningsfulle norske perler.


Fløytistane Ann Merete Handegård og Øystein Haga stod som solistar i Albinonis Dobbelkonsert for to oboar, framført på pikkoloar. Som fløytist Øystein Haga sjølv sa med eit smil, kan ein klassisk musikarvits illustrere situasjonen: «Kva er verre enn éin pikkolo? To pikkoloar.» Framføringa deira var likevel svært vellukka, og stykket skapte ein lys og luftig kontrast i konserten – som to kvitrande småfuglar i vårsola.
Dirigent for konserten var Dagfinn Rohde, som leia unge og vaksne trygt gjennom eit variert program. Knut Brunvoll var ein stødig og informativ konferansier.
Konserten understrekar kor viktig eit lokalt amatørorkester som Fossegrimen er – både som eit musikalsk fellesskap og som ein viktig arena der unge musikarar kan byggje verdifull erfaring. Publikum fekk oppleva ein rikdom av speleglede og musikalitet, og viste både varme og engasjement gjennom heile konserten.
Alle foto: Linda Hjeltnes/Steinar Rygg