Sommarkonsert med unge solistar frå Voss kulturskule

Voss kulturhus, 24. mai kl 17.00

Orkesteret Fossegrimen inviterer til konsert – med born og unge i sentrum. Det er alltid ei stor glede for Fossegrimen å få invitera lokale talent frå kulturskulen sitt fordjupingsprogram og frå musikklina på Voss gymnas til å spela saman med oss!

På denne konserten får me høyra seks unge solistar. Dei fire yngste er pianoelevar ved fordjupingsprogrammet til Voss kulturskule. Blant dei er 11 år gamle Sandre Kvitne på klaver, som òg deltok på Dei unges konsert i fjor. Ho har spelt piano sidan ho var fire år, med John Taylor som lærar, og fekk andreprisen i tevlinga Bergen Pianomester då ho sist deltok – ein imponerande prestasjon. Me får òg høyra Ingrid Eilertsen Hjetland (11) og Milana Barabash (14) som pianosolistar saman med orkesteret. Yngstemann på scena denne gongen er ni år gamle Nikolai Tuchto, som har spelt piano i under to år!

Pianistane spelar Sonatina op 49, 1.sats av Beethoven (Milana Barabash), A Flower in Spring av Pyong Kwon Ji (Sandra Kvitne), Für Elise av Beethoven (Ingrid Eilertsen Hjetland) og Mozart sin Rondo ala Turca (Nikolai Tuchto).

Me får oppleva to fiolinsolistar, Hans Olav Hjetland og Eivind Hjeltnes Rygg, som sjølve omtalar seg som «ambisiøse, up-and-coming fiolinistar». Dei går på musikklina ved Voss gymnas, spelar fast i Fossegrimen og var tidlegare elevar ved Voss kulturskule med Helga Hjetland som lærar. No tek dei timar hos Per Gisle Haagenrud, som er basert i Bergen. Gutane er solistar i 1. sats av Bach sin kjende Dobbelkonsert i d-moll.

To av dei vaksne medlemene i Fossegrimen, fløytistane Ann Merete Handegård og Øystein Haga, er solistar i ein annan dobbelkonsert – 1. sats av Albinoni sin konsert for 2 oboer, strykarar og basso continuo C-dur. Dei spelar obostemmene på fløyte!
I Piken med linhåret, eitt av to Debussy-stykke som står på programmet, er vår konsertmeister Helga Hjetland solist.

Orkesteret spelar òg Golliwogg’s Cake-Walk av Debussy, og to korte, vakre orkesterstykke av kjende norske komponistar: Norske eventyrbilder – prinsessen kommer ridende på bjørnen, av Johan Halvorsen, og Solefallssangen av Ole Olsen.

Knut Brunvoll er konferansier, og konserten vert leia av Fossegrimen sin faste dirigent, Dagfinn Rohde. 

Billettar kjøpast på Voss kulturhus og på kulturhuset si nettside:
https://vosskulturhus.no/fossegrimen-konsert-bj93cx/


Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.