Fossegrimen lyfte fram unge talent

Fossegrimen lyfte fram unge talent Speleglede og ungt pågangsmot i kulturhuset.
Laurdag 24. mai inviterte Fossegrimen til konsert i Voss kulturhus, saman med born og unge musikarar frå Voss kulturskule og musikklina ved Voss gymnas. Det vart ei stemningsfull og variert konsertstund, der Voss sitt eige symfoniorkester spelte saman med fleire unge talent frå bygda.

Continue Reading →

Sommarkonsert med unge solistar frå Voss kulturskule

Orkesteret Fossegrimen inviterer til sommarkonsert, saman med unge musikarar frå Voss kulturskule. Det er ei stor glede for Fossegrimen å få invitera lokale talent frå kulturskulen sitt fordjupingsprogram til å spela saman med eit ekte symfoniorkester!
På denne konserten får me høyra seks unge solistar, fire pianistar og to fiolinistar. Vi får òg høyre tre solistar frå orkesteret sine eigne rekker.
Repertoaret er variert og sommarleg, og omfattar musikk av m.a. Bach, Mozart, Debussy, Albinoni, Halvorsen og Ole Olsen.

Continue Reading →