Orkesteret Fossegrimen og SOFORK spelar norsk musikk

15. og 16 mars inviterer Orkesteret Fossegrimen frå Voss og SOFORK frå Sogn og Fjordane til konsert på Voss og i Sogndal, med nokre av dei mest ruvande verka i norsk musikk. Det er ei storhending når desse to amatørorkestera i Vestland fylke slår sine krefter saman på denne måten.

Hovudverket er Edvard Grieg sin A-mollkonsert for klaver og orkester, med Frode Skag Storheim som solist. Det blir store klangar og stort alvor i Kjempeviseslåtten av Harald Sæverud. I tillegg framførar det store orkesteret Hyldingsmarsj av Edvard Grieg frå Sigurd Jorsalfar, og den kjende Valdres-marsjen av Johannes Hanssen.

SOFORK, Sogn og Fjordane Symfoniorkester, er samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar frå heile Sogn og Fjordane. Medlemer frå SOFORK har vore med på fleire av Fossegrimen sine konsertar det siste året, noko som har inspirert oss til å ta samarbeidet lenger.

Dette er første gong Fossegrimen og SOFORK samarbeider på denne måten, med ein stor felles konsert, og det er dermed eit stort orkester som gir seg i kast med desse mektige verka. Orkesteret er òg styrka med distriktsmusikarar frå både Voss og Sogn og Fjordane. I spissen for det heile finn vi Dagfinn Rohde, Fossegrimen sin faste dirigent gjennom fleire tiår.

Edvard Grieg sin A-mollkonsert har fortent sin plass som eit av dei musikalske landemerka våre. Dei musikalske temaa i verket er fylt av norsk natur og store romantiske kjensler. Verket vart urframført i København i 1869, og vart straks ein suksess. Grieg var berre 25 år då han komponerte verket og det er hans einaste klaverkonsert.

Hyldingsmarsj er henta frå Grieg sin orkestersuite Sigurd Jorsalfar som vart komponert i 1872. Verket var skrive til Bjørnstjerne Bjørnson sitt skodespel med same namn.

Grieg er ein av dei store nasjonalromantikarane, men han hata sjåvinisme, og komponerte for ein “videre Horisont”. I musikken til Grieg høyrer vi eit norsk tonespråk med universell appell.

Harald Sæverud

Kjempeviseslåtten er skriven i 1943 som ein hyllest til heimefronten sine «små og store kjempere» (i Sæverud sine eigne ord). Det musikalske hovudtemaet i stykket er fylt av kraft og vert gjenteke med stigande intensitet. Musikken skildrar kreftene i motstandskampen og er ein harmdirrande protest mot fienden sine soldatbrakker, som Sæverud såg under ei reise til Lærdal.

Valdres-marsjen av Johannes Hanssen vart komponert rundt 1902, og framført for første gang i 1904. Marsjen er bygd på Valdresbataljonen sitt kjenningssignal. Komposisjonen har vore mykje brukt sidan, mellom anna i ein revy på Edderkoppen Teater under 2.verdskrigen som ein fordekt protest mot tyskarane, med tekst av skodespelaren og forfattaren Per Kvist.

Frode Skag Storheim (f. 1988) er ein entusiastisk pianist og kulturformidlar som har eit særleg engasjement for kunst og musikk frå 1800-talet.
Han er utdanna med master frå Griegakademiet i Bergen, arbeider til dagleg som lærar ved musikklina på Voss gymnas, og er programskribent for Bergen Filharmoniske Orkester. I tillegg til dette har han ei utstrekt verksemd som pianist, foredragshaldar og biograf. Frode har opptredd på ei rekke festivalar, som Festspillene i Bergen, Nordland Musikkfestuke og Hardingtonar. Han har vore solist med fleire symfoniorkester, og har medverka på produksjonar hjå DNS, Bergen Nasjonale Opera, Sjøforsvarets musikkorps og Bergen Kirkeautunnale. Han skriv for tida bok om malaren Hans Dahl (1849-1937), og har halde konsertar og foredrag på m.a. Kode kunstmuseer, Troldhaugen, Siljustøl, Griegsamlinga på Oseana, Nasjonalbiblioteket, Galleri Bygdøy Allé, samt ved ei rekke av destinasjonane til De Historiske Hotell og Spisesteder.



Solist og konferansier Frode Skag Storheim

Konserten laurdag 15.mars kl 17 finn stad i Voss kulturhus.
Billettar kjøper ein på Voss kulturhus si nettside.

Konserten sundag 16.mars kl 17 finn stad i Sogndal kulturhus.
Billettar kjøpar ein på Sogndal kulturhus si nettside.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.