Stikk-innom-konsert

Voss ungdomshall
Laurdag 28/9 kl 13

Fossegrimen startar sesongen med ein uformell konsert i Voss ungdomshall, der vaksne og born kan kombinere ein laurdag på Vangen med musikalsk påfyll. Dette byrjar å bli ein fin tradisjon!

Denne gongen er det strykarane og treblåsarane som står for konserten. Dei spelar nokre stykke saman og nokre stykke kvar for seg. Slik får ein høve til å kome tettare innpå desse to instrumentgruppene.

Me vonar mange tek med seg born og barneborn. Konserten er både kort og variert, med noko for alle! Repertoaret er av det lette slaget og spenner frå kjende klassiske verk til tangoar. Kanskje blir det høve til ein svingom?

Billettane kostar 100 for vaksne, og det er gratis inngang for born og unge.

“IMPRESSION, SUNRISE” BY CLAUDE MONET. SOURCE: WIKIMEDIA COMMONS

Litt om verka:

Arabesque nr. 2 vart komponert mellom 1888 og 1891, medan Claude Debussy enno var i 20-åra. På 1800-talet var det populært å komponere arabesquear. Namnet vart brukt avdi musikken henta inspirasjon frå arabisk ornamental arkitektur. Debussy var oppteken av det visuelle, og dei impresjonistiske stykka hans er nærmast å rekne som musikalske bilete med tydelege visuelle skildringar. Arabesque nr. 2 bygger på leikande melodiar og hoppar uanstrengt mellom akkordane.

Sagolandet av Unto Mononen (1930-1968), er kåra til Finland sin nasjonal-tango. På finsk heiter songen Satumaa. Teksten skildrar draumen om å kunne fly over havet til sin elskede ved sagalandet sin asurblå kyst. Mononen spelte gitar og leia sitt eiga band, og songen er sidan spelt inn av utallige artistar. Til og med Frank Zappa har ein eigen versjon, der han syng på finsk!

Antonio Vivaldi (1678-1743) sin cellokonsert, eller eigentleg sonate, i C-dur blei til i ei tid då cellosonatar og cellokonsertar var særleg «hot». Vivaldi vert i dag rekna som ein av dei store komponistane i barokken. Han døydde likevel fattig. Både han og musikken hans gjekk i gløymeboka, og han vart først gjenoppdaga i det 20.århundre. I si samtid var han rekna som ein svært dyktig fiolinist, og han var i tillegg utdanna prest.

Tangoen La cumparsita, som betyr «liten gate», er komponert av Gerardo Matos Rodriguez (1897-1948) frå Uruguay, medan teksten er argentinsk. Stykket hadde først ingen tekst, men fekk etter kvart ein tekst med ei ganske sørgjeleg historie. Etter kvart vart stykket utvida med eit parti som komponisten stal frå Verdi sin opera Trubaduren. Rodriguez skreiv for det meste tangoar, men óg ein del for teaterscena i Buenos Aires.

Serenade for tre fagottar i B-dur er komponert av Julius Weissenborn (1837-1888), ein produktiv tysk fagottist, lærar og komponist. Læreverka hans for fagott vert brukte den dag i dag.

Blåsekvintett i G-moll er komponert av Frans Danzi, (1763-1826), som var tysk cellist, komponist og kapellmeister. I vår tid er han mest kjend for sine blåsekvintettar. Han fekk si musikalske opplæring av faren, og overtok til og med faren sin jobb som solocellist i München. 1790 reiste han på ein seks år langt Europaturné saman med kona Margarethe, som var songar og komponist. Då ho døydde, berre 32 år gamal, var han i mange år borte frå den offentlege scena. Han brukte mykje av sitt virke som dirigent til å promotere Mozart sine operaer og verka til Carl Maria von Weber, som var ein ven av Danzi. Musikken hans er rekna som ein forløpar for romantikken.

Rosamunde er eit teaterstykke av Helmina von Chézy som Franz Schubert (1797-1828) sette musikk til. Trass at Schubert døydde berre 31 år gamal har han ei enorm verkliste, med mellom anna over 600 vokalverk. Teaterstykket hadde premiere i 1823, og ville nok gått i gløymeboka om det ikkje var for musikken til Schubert. På konserten spelar orkesteret mellomakt-musikk nr. 2 frå Rosamunde.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.