Dei unge sin konsert

Orkesteret Fossegrimen inviterer til konsert med born og unge i sentrum. Det ligg an til å bli ei vakker og rørande stund når lokale born og unge skal synge og spele saman med eit ekte symfoniorkester. 

Me vil mellom anna få høyre over hundre ungar synge i kor, akkompagnert av Fossegrimen, som denne gongen er forsterka med elevar frå kulturskulen. Dei skal framføre Das klinget so herlich av Mozart, og ikkje minst den grandiose Ode til gleden frå Beethoven sin niande symfoni. 

Borna i koret går i 3. – 6. klasse ved Gullfjordungen og Vangen skular, og er under leiing av Ingrid Langen Fjose. Korprosjektet er inspirert av Festspillene i Bergen og Bergen filharmoniske orkester sitt prosjekt Gåsehud

Dei unge strykeelevane som er med Fossegrimen, speler i kulturskulen sine strykeorkester Fossekallen og Veslefrikk. Elevane på blåseinstrument går også i kulturskulen, og speler i Voss skulemusikk. Dei vil vere med å framføre orkestermusikk av Telemann, Schubert og Saint-Saëns.

På konserten vil me også få høyre unge solistar. Ein av dei er 10 år gamle Sandre Kvitne på klaver. Sandra har spelt sidan ho var fire, med John Taylor som lærar. På denne konserten skal ho spele den vakre Sonatina Concertata av Murcio Clementi, saman med Fossegrimen og Fossekallen.

Trompet-talentet Sindre Røynstrand Kolås blir solist på klassikaren Konsert i Ess-dur for trompet og orkester av Johann N. Hummel. Sindre går siste året på musikklinja på Voss gymnas, med Børge Styve som lærar. Frå hausten skal Sindre studere trompet ved Noregs musikkhøgskule i Oslo. 

Dirigent på denne konserten er Ole-Andreas Førde, ein ung, bergensbasert komponist og dirigent som for første gong samarbeider med Fossegrimen.

Konferansier blir Trude Storheim.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.