Jolekonsertar med Händels Messias

Nain, Voss
laurdag 9. desember kl. 17.00
søndag 10. desember kl. 17.00.

Medverkande:  
Vira Samoilenko (sopran), Erlend Tvinnereim (tenor), Cam Michalak (bass-baryton)
Fossegrimens prosjektkor 2023 – korinstruksjon: Lars Ragnvaldsen
Orkesteret Fossegrimen – dirigent: Dagfinn Rohde

Mest kvar haust i over 35 år har Orkesteret Fossegrimen framført ulike verk for songsolistar og stort prosjektkor, som regel samansett av songarar frå heile regionen. Verk som har stått på programmet har m.a. vore Vivaldis Gloria-messe, Puccinis Messa di Gloria, oratoria Skapelsen av Haydn og Paulus av Mendelssohn, og Mozart og Cherubini sine rekviem.

Georg Friedrich Händel (1685-1759) sitt kjende oratorium Messias har vi framført mange gonger tidlegare, sist i 2017. Laurdag og sundag 9. og 10. desember i år vil vi framføra det i Nain på Voss. Verket er bygd over tekstar frå Bibelen, og vart første gongen framført i Dublin i 1742. Året etter vart det spelt i London, og sidan har det gått sin sigersgang over heile verda. Framleis i dag er Messias eit av dei oftast framførte verka i denne sjangeren.

Verket er i tre delar: Første del inneheld profetiar om Frelsaren og skildring av då han kom til verda; andre del omhandlar Kristi liding, død og oppstode; medan tredje del ser framover med tankar om domedag og det evige liv, og Kristus vert lovprisa som verda sin frelsar.

Messias vart framført første gongen var det med eit etter måten lite kor og orkester: berre 16 songarar i koret og nokre få strykarar, oboar, trompetar og pauker i orkesteret. Seinare vart kor og orkester gradvis utvida, og i 1789 laga Mozart ein versjon som var meir tilpassa den tida sitt tonespråk, der det i tillegg er med fløyter, klarinettar, fagottar, horn og trombonar. Det er denne versjonen Fossegrimen nyttar ved sine framføringar.

I år har me med oss tre framifrå solistar, som alle syng med Fossegrimen for første gong:

Vira Samoilenko er sopran og har vore songar i det ukrainske radiokoret i Kyiv i over 20 år. Frå 2017 var ho solist av høgste kategori, og assistent for kunstnarisk leiar. Koret har drive aktiv konsertverksemd med musikk i ulike sjangrar, og har gjort ei rekkje lydopptak for den ukrainske kringkastinga. Samoilenko har vore dirigent for fleire kor, både kyrkjekor for born og kor for vaksne, og har undervist i song på akademisk nivå. Ho har ein bachelorgrad i song og dirigering, og ein mastergrad i musikkpedagogikk innan dirigentopplæring, begge frå Ukraina. Ho har også utdanning og erfaring innan leiing i kulturfeltet.

Etter at ho måtte reise frå Kyiv og kom til Voss i november 2022, fekk musikklivet raskt opp auga for stemma og kompetansen til Vira. I fjor blei ho som heilt ny vossing med i Fossegrimen sitt prosjektkor, og i år ser me fram til å høyre ho som solist. Vira bur i Skulestadmo.

Tenoren Erlend Tvinnereim er fødd og oppvaksen i Bergen. Etter studieår og eit aktivt frilansliv i utlandet er han no tilbake i sin heimby. Han debuterte med Solistdiplom-konsert i Zürich i 2011, der han studerte med den anerkjende sangprofessoren Scot Weir på Hochschule für Musik.

Han har vore tilsett på operaene i Basel og Genève og har gjesta ei rekke opera- og konserthus i Europa. Han har motteke fleire prisar og stipend, frå m.a. Bergen kommune, Vestland Fylkeskommune, Creo og Kulturrådet, og han er prisvinner i Migros Kulturprozent-konkurransen i Sveits.

Erlend Tvinnereim sin store forkjærleik for oratoria har skaffa han eit breitt repertoar, der Messias er ein av favorittane. I Noreg turnerer han òg med Tvinnereim & Båtstrand-duo som aktualiserer lied-repertoaret.

Baryton-songaren Vegard Arnesen Bakke er diverre vorten sjuk. Vår tredje solist vert difor Cam Michalak, ein amerikansk bass-baryton, som er busett i Bergen og som også syng med oss for første gong.

Cam mottok sin bachelorgrad i vokalprestasjonar frå University of Houston, der han sang i eit av dei beste ungdomskora i verda – University of Houston Moores School of Music Concert Chorale. Med dette koret konkurrerte han i Grieg International Choir Festival i Bergen, Noreg i juni 2022, der dei vann førstepremien i kategorien Blanda kor.

Han har sunge med fleire profesjonelle kompani, inkludert Opera in the Heights (ensemble, L’elisir d’amore; ensemble, Rigoletto), Operativo Houston (Dulcamara, L’elisir d’amore) og Ars Lyrica Houston (ensemble, Dido og Aeneas). Tidlegare i år var han bass-solist med Schuberts G-durmesse i Webster Presbyterian Church i Houston. 

Fossegrimens prosjektkor kjem saman kvar haust og øver inn programmet til jolekonsertane våre. Korettel i år rundt 70 songarar frå Voss og grannekommunane, og Lars Ragnvaldsen har som vanleg hatt ansvaret for korinnstuderinga. Arbeidet med regionalt kor har i mange år vore ei av hjartesakene hans, og vi er svært glade for at han ville halda fram med dette arbeidet også etter at han slutta som kantor i Vangskyrkja for nokre år sidan.

Framføringane av Messias vert leia av orkesteret sin faste dirigent Dagfinn Rohde.

Vel møtt til konsertar i Nain på Voss laurdag 9. desember og søndag 10. desember kl. 17.00. Konsertane vert støtta av Voss kommune og Hordaland fylkeskommune.

Førehandssal av billettar på TicketCo
– vaksne kr 280
– barn gratis

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.