Laurdag 30. september kl. 12.30,
Midt i folkelivet under Smalahovefestivalen tilbyr Orkesteret Fossegrimen ein kulturell pause. I ein tett og uformell atmosfære vert det ein liten time med lettare musikk i mindre ensembler, midt på Vangen. Set frå deg handleposen i Ungdomshallen og unn deg sjølv, besteforeldre og ungar kortreiste musikalske smakebitar, når Fossegrimen serverer ein haustmeny med solostykke for violin, cello og fløyte og ulike stykke for strykarar og blåsekvintett.
Witold Lutoslawski er ein av dei store polske komponistane i det 20.århundre. Fossegrimen skal framføre fem folkemelodiar i eit arrangement han har laga for strykarar. Tonespråket er annleis enn det ein finn i norsk folkemusikk, med uvante klangar og rytmar, men er likevel harmonisk og melodiøst.
Vidare skal strykarane spele Suite i a-moll av Georg Philipp Telemann, ein av barokken sine mest produktive komponistar. Opprinneleg er verket skreve for blokkfløyte og strykarar, men denne gongen er vår eigen Øystein Haga solist på tverrfløyte.
Telemann var ein mangslungen person. Sine første komposisjonar laga han medan han studerte juss. Seinare i livet virka han både som musikkdirektør, kapellmeister, forlagssjef, og operasjef.
Luigi Boccherini, ein italiensk samtidig komponist med Mozart, skreiv mange strykekvartettar der celloen fekk ein større rolle inn tidlegare. Fossegrimen skal spele ein av menuettane hans i A-dur. Mest kjent er nok Menuett i E-dur, opus 13, nr.5.
Strykarane i orkesteret framfører også eit stykke av ein av dei store barokkomponistane, Georg Friedrich Händel. Dei skal spele The Rejoicing frå suiten The Royal Fireworks, og Hornpipe og Bourré frå Suite i F-dur, meir kjent som Water Music.
Treblåsarane i Fossegrimen sitt bidrag til konserten er Blåsekvintet opus 91 av Anton Reicha. Han var ein tsjekkisk Wienerklassisk komponist som skreiv mykje for blåsekvintett.
Dei tre fagottistane i orkesteret stiller denne gongen med eit eige nummer i konserten,
3 arier av Willima Lawson.
I tillegg til orkestergruppene blir det fleire solostykke frå distriksmusikarane i orkesteret. Øystein Haga spelar Mozart for solo fløyte, Johanna Saaek spelar Sarabande frå Suite nr. 3 av J.S.Bach og Edyta Bryk spelar Polsk Capriccio av Grazyna Bacewicz.
Konserten vert leia med stødig hand av dirigent Dagfinn Rohde.
Det er gratis inngang for born. Vaksne kr 100, billettar i døra eller på TicketCo:
https://fossegrimen.ticketco.events/no/nb/m/e/fossegrimen_stikkinnomkonsert_3092023