Fossegrimen spelar under avdukinga av Ridande Vossabryllaup

Prestegardslandet, laurdag 10. juli kl 12

Laurdag 10. juni vert det avduking av monumentet «Til Minne um Spelemannen Ola Mosafinn og gamle ridande Vossabrudlaup» av Nils Bergslien på Prestegardslandet.

Monumentet har vore på vandring frå Lindehaugen (1921 – 1958), til Tinghuskjellaren (1958 – 1964), til Tinghusveggen, der det hang i 20 år, til Rockne-parken (1984 – 2021), og til slutt Prestegardslandet der det fekk sin heim i 2023. Monumentet står no vendt mot Prestegardslandet og vatnet, omgjeven av ein liten park.

Laudag 10. juni kl. 12 skal minnesmerket avdukast, med eit ekte ridande Vossabryllaup med Kjersti Nordgård og Stian Lid som brudepar. Voss Spelemannslag, Evanger Musikklag, og kvedarar med Berit Opheim tek del. Ordføraren saman med leiar i Voss kulturråd Valborg Kløve-Graue vil utføra sjølve avdukinga. Skodespelar Morten Svartveit les dikt og skal leia høgtidinga.

Orkesteret Fossegrimen held ein festkonsert kl. 14 med framføring av musikk som høver til denne høgtidsstunda. Det er i hovudsak musikk som har sitt opphav i Vossabygdene. Solist er Einar Mjølsnes på hardingfele, dirigent for orkesteret er Dagfinn Rohde, og konferansier er Jørund Rong. Dersom det vert fint vêr, så vert konserten halden på Utescenen på Prestegardslandet, men dersom det er dårleg vêr vert han flytta til Kultursalen i Voss kulturhus.

Repertoaret på denne konserten er djupt røta i norsk folkemusikk, og høver godt til kunstverket som skal feirast. Konserten startar med festmarsj av Christian Teilman som vart laga til avdukinga av Karl Johan statuen i Oslo 7. september 1875. Edvard Grieg er representert med Symfonisk dans for orkester. Denne komposisjonen er bygd på kjente norske folketonar.

Valter Aamodt sin Horda-rapsodi hentar materiale frå våre eigne trakter som «Bjølleslåtten» og «Det er so fagert i Finesloftet», og Einar Mjølsnes er solist på Lars Skjervheim sin jubileumsmedley, der vi mellom anna får høyre «Farnesbruri». Mjølsnes er og solist på verket «På vestlandsk bondestemna» , ein komposisjon over «Ringjaren», ein marsj etter Ola Mosafinn.

Sjur Helgeland er representert på konserten med «Dei tre budeione paa Vikafjell» i eit arrangement av  Per H.Indrehus. Solist er Einar Mjølsnes på hardingfele.

Konserten er gratis, og det vert difor ikkje seld bbillettar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.