Heiderskonsert for Rudolf Zwartjes

Voss kulturhus, 19. mars kl 17.00

Orkesteret Fossegrimen inviterer til heiderskonsert for Rudolf Zwartjes i kultursalen søndag 19. mars.

Rudolf Zwartjes (1934 -) er ein nederlandsk musikklærar, utøvande musikar og komponist som kom til Voss for over 60 år sidan. Det meste av tida etterpå har han budd og arbeidd her. Gjennom mange, mange år har han vore ein sentral og viktig person som har hatt mykje å gi til elevar og tilhøyrarar. Dei første åra var han lærar i Voss Musikkskule, og i 1968 var han med og starta Musikklina på Voss gymnas. Undervisningsopplegget her var han arkitekt for og han var den første og lenge den einaste lektoren ved musikklina.

På Voss gymnas fekk Rudolf Zwartjes til eit framifrå elevkor, som gjekk til topps i NRK si kortevling i 1972. Han var lærar på Musikklina på Voss gymnas fram til 1988. Privat heldt han fram med å undervise fiolin- og celloelevar. Med si lange røynsle som pedagog har han utarbeidd ein eigen fiolinskule, ei innføring i fiolinmetodikk for unge elevar. Zwartjes dirigerte fleire kor, og i åtte år var han fast dirigent for Orkesteret Fossegrimen der han sidan spelte bratsj og cello. Ei tid dirigerte han også Voss Musikklag.

Attåt undervisning, dirigering og arbeid som utøvande musikar har Zwartjes i alle år vore aktiv som komponist, med tallause verk for nær sagt alle slags ulike høve. Han vart tidleg gripen av norsk folkemusikk som sidan har vore ei viktig inspirasjonskjelde for han. I den rikhaldige produksjonen hans er solostykke og ensemblestykke skrive og lagt til rette for unge vokal- eller instrumentalutøvarar, alt pedagogisk og lærerikt. Han har komponert ein barneopera – «Keiseren og Nattergalen» – og skrive mykje musikk for vaksne utøvarar, anten solistar åleine eller i større eller mindre grupper, og ulike verk for kor og orkester. Den velklingande musikken hans har alltid vore godt motteken av eit takksamt publikum.

Fleire av elevane hans har sidan vorte høgt skatta yrkesmusikarar. Nokre av desse ynskjer no å takka den gamle læremeistaren sin med ein eigen heiderskonsert med framføring av nokre av hans komposisjonar. Halldor Krogh, tidl. professor i filmmusikk på Høgskolen på Lillehammer, har valt ut, arrangert og tilrettelagt for orkester åtte verk som skal framførast på denne konserten.

Pianisten Arnhild Vik, fiolinistane Mari Persen og Jon Flølo, og fløytisten Øystein Haga er alle elevar av Zwartjes og har kvar sine solistverk saman med orkesteret. I tillegg er den unge cellisten Brage Botn Seim solist med orkesteret. Orkesteret Fossegrimen, som Zwartjes dirigerte i fleire år, har ei viktig oppgåve i dette prosjektet, og også i orkesteret vert fleire av Zwartjes sine elevar med.

Dirigent på denne konserten er Kjell Seim, ein av dei fremste orkesterdirigentane her i landet i dag. Også han er ein av Zwartjes sine tidlegare elevar.

I dei 20 åra Rudolf Zwartjes var lektor på Musikklina på Voss gymnas kom han i kontakt med eit høgt tal unge elevar frå heile Vestlandsregionen. Den dugande fagmannen med det fengslande undervisningsopplegget fekk varig innverknad på mange, og det er mange som i dag ser med glede attende på han og det engasjerte miljøet han skapte. Kom og høyr noko av musikken som den dyktige og omtykte læraren Rudolf Zwartjes har skapt, framført av nokre av dei tidlegare elevane hans.

Billettar kan kjøpast i døra og på førehand her. Vel møtt til konsert!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.