Heiderskonsert for Rudolf Zwartjes 

Rudolf Zwartjes (1934-) er ein nederlandsk musikklærar, utøvande musikar og komponist som kom til Voss for over 60 år sidan. Det meste av tida etterpå har han budd og arbeidd her. Gjennom mange, mange år har han vore ein sentral og viktig person som har hatt mykje å gi til elevar og tilhøyrarar. Dei første åra var han lærar i Voss Musikkskule, og i 1968 var han med og starta Musikklina på Voss gymnas. Undervisningsopplegget her var han arkitekt for, og han var den første og lenge den einaste lektoren ved musikklina.

På Voss gymnas fekk Zwartjes til eit framifrå elevkor som gjekk til topps i NRK si kortevling i 1972. Rudolf Zwartjes var lærar på Musikklina på Voss gymnas til 1988. Privat heldt han fram med å undervise fiolin- og celloelevar, og med si lange røynsle som pedagog har han òg utarbeidd eigen fiolinskule, med innføring i fiolinmetodikk for unge elevar. Zwartjes har dirigert fleire kor, og i åtte år var han fast dirigent for Orkesteret Fossegrimen der han sidan spelte bratsj og cello. Ei tid dirigerte han også Voss Musikklag.

Rudolf Zwartjes

Attåt undervisning, dirigering og arbeid som utøvande musikar har Zwartjes i alle år vore aktiv som komponist med tallause verk for nær sagt alle slags ulike høve. Han vart tidleg gripen av norsk folkemusikk som sidan har vore ei viktig inspirasjonskjelde for han. I den rikhaldige produksjonen hans er solostykke og ensemblestykke skrive og lagt til rette for unge vokal- eller instrumentalutøvarar, alt pedagogisk og lærerikt.

Han har komponert ein barneopera – Keiseren og Nattergalen – og skrive mykje musikk for vaksne utøvarar, anten dei er solistar åleine eller i ei større eller mindre gruppe, ulike verk for kor og orkester. Den velklingande musikken hans har alltid vore godt motteken av eit takksamt publikum.

Mange av elevane hans har sidan vorte høgt skatta yrkesmusikarar. Nokre av desse ynskjer nå å takka den gamle læremeistaren sin med ein eigen heiderskonsert med framføring av nokre av hans komposisjonar. Halldor Krogh, tidl. professor i filmmusikk på Høgskolen på Lillehammer, har valt ut, arrangert og tilrettelagt for orkester åtte verk som skal framførast på denne konserten. Pianisten Arnhild Vik, fiolinistane Mari Persen og Helga Hjetland, og fløytisten Øystein Haga er alle elevar av Zwartjes og framfører kvar sine solistverk saman med orkesteret. I tillegg er den unge cellisten Brage Botn Seim solist med orkesteret.

Zwartjes dirigerte Orkesteret Fossegrimen i fleire år. På denne konserten er fleire av Zwartjes sine elevar med. Dirigent for konserten er Kjell Seim, ein av dei fremste orkesterdirigentane i Noreg i dag. Også han er ein av Zwartjes sine tidlegare elevar.

I dei 20 åra Rudolf Zwartjes var lektor på Musikklina på Voss gymnas kom han i kontakt med eit høgt tal med unge elevar får heile Vestlandsregione. Den dugande fagmannen fekk varig innverknad på mange av dei, og det er nok mange som i dag ser med glede attende på åra sine på skulen og det engasjerte miljøet han skapte.

Vi håpar denne konserten vil vera til stor glede for publikum, musikarar og ikkje minst for komponisten sjølv. Det er mange som ynskjer å vera til stades og høyra noko av musikken som den kjære og omtykte læraren deira har skapt, i ein konsert der fleire av dei tidlegare elevane hans tek del. Vel møtt til konsert 19. mars 2023!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.