Fossegrimen inviterer til julekonsertar

Alessandro bardelli, gloria d'angeli che contornava la pala di s. francesco, 1624,
Alessandro bardelli, gloria d’angeli che contornava la pala di s. francesco, 1624,

Julekonsertane til Fossegrimen, saman med prosjektkor og ulike samarbeidspartar, er vorten ein kjær førjulstradisjon i Vossebygda. I år er vi tilbake for fullt, med ei etterlengta musikalsk oppleving for både publikum og musikarar.

Det vert to framføringar:
Laurdag 3.desember kl. 17.00 i Dale kyrkje
Sundag 4.desember kl. 18.00 i Nain, Voss

Fossegrimen sitt prosjektkor er sjølve ryggraden i konsertane. Koret har øvd kvar veke sidan august, under leiing av Lars Ragnvaldsen. I koret finn ein både erfarne travarar og nye songarar, som saman får eit unikt høve til å arbeide med nokre av dei store verka i europeisk klassisk musikk knyta til jula. På denne måten vert dei del av ein større tradisjon som spenner over landegrenser og hundreår.

Som fleire gonger før bidreg også skulekoret ved Voss gymnas si musikkline på julekonsertane med sine unge røyster. Dette er ein del av den danninga som er viktig for skulen og samfunnet. Dirigent for skulekoret er Elise Varne og Nina Mork Brunvoll.

Konserten er bygd rundt fire korverk. Messa di Gloria av Giacomo Puccini har Fossegrimen framført fleire gongar før. På denne konserten får vi høyre dei tre satsane Gloria, Sanctus e Benedictus og Agnus Dei.

Angels’ Carol av John Rutter er eit relativt nytt verk frå 1980-talet, og representerer eit nyare klangspråk, der den lyse britiske korklangen står i sentrum. Orkesteret er utvida med harpeklang for å skape den rette himmelske stemninga.

Cantique de Jean Racine av Gabriel Fauré er eit verk som korsongarar og publikum elskar. Det vakre romantiske tonespråket er lett tilgjengeleg for lyttaren. Fauré var berre 19 år gamal då han komponerte verket til ein konkurranse, medan han gjekk på École Niedermeyer de Paris, ein skule for kyrkjemusikk.

Korstemmene på alle desse tre verka er framført av Fossegrimen sitt prosjektkor og skulekoret ved Voss gymnas si musikkline.

David Willcocks har skrive ein 4-stemmig korsats “Sing!” for orgel/klaver solo, kor og orkester. Dette verket er bygd over Widor sin Toccata frå hans symfoni nummer 5. Solist er Frode Vik (orgel/klaver), medan Fossegrimens prosjektkor 2022 står for det vokale bidraget. Widor sin Toccata er i seg sjølv eit mektig verk, som med fire-stemt kor når nye høgder.

I tillegg til desse korverka framfører Fossegrimen fleire instrumentalverk. The Arrival of the Queen of Sheba av George Frideric Händel er eit verk for orkester og to obo. Stykket var komponert som del av det større oratoriet Solomon. Solistar her er Steinar Hannevold og Karolina Chmielewska. Dette er eit energisk barokkstykke det oboane vert akkompagnert av strykarane i Fossegrimen, og av Ragna Ringset som spelar på Fossegrimen sitt eige cembalo.

I Vivaldi sin konsert for to obo og orkester i D-moll, møter vi igjen solistane på obo akkompagnert av Fossegrimen sin strykarar og Ragna Ringset på cembalo.

Brahms komponerte i 1873 eit verk som inneheld variasjonar over eit tema av Joseph Haydn. Forskarar meiner at temaet kanskje ikkje er Haydn sitt, men meir truleg frå ein av Haydn sine elevar. Treblåsarane vil først spele originaltema. Deretter framfører orkesteret Brahms sine variasjonar.

Messingklang høyrer med til ein julekonsert og messingblåsarane i Fossegimen bidreg med eit knippe engelske julesongar. Ein gamal og god julesong vert det også plass til når Fossegrimen spelar Mitt hjerte alltid vanker med Vilde Haukås Fosse som solist på kornett.

Fossegrimen har øvd i heile haust, så konserten skal verta ei stemingsfull oppleving for alle. Som vanleg har Dagfinn Rohde leidd øvingane med orkesteret, og han dirigerar òg konserten.

Billettar kan kjøpast her på Ticketco, eller i døra.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.