Spelar du eit orkesterinstrument er du velkomen som musikar! Ta kontakt med vår styreleiar – eller kom på ei av øvingane våre! Ein kan prøve å vera med ein periode, begynne forsiktig med delar av repertoaret – eller kaste seg heilhjarta uti musikken…
Orkesteret øver kvar måndag i Voss kulturhus frå kl 18 – 21
Øvingane følgjer skuleruta. Her er terminlista for hausten 2025 med øvingar og konsertar:
På dei faste måndagsøvingane øver vi både i grupper med gruppeleiar/instruktør, og med heile orkesteret samla. Du er velkomen også dersom du har lyst å prøve å spele igjen etter ein pause. Vi har alltid ein god og sosial vaffelpause på måndagsøvingane våre!
Repertoaret vårt spenner over eit stort register med allsidig musikk – frå Haydn og Mozart, via folkemusikk og oratorium, til filmmusikk og jazz. Me spelar konsertar både på Voss, og i andre kommunar i regionen. Her er konsertplanen for denne sesongen.

Vi samarbeider tett med:
- Voss kulturskule, som deltek på fleire av våre konsertar kvar sesong
- vårt eige prosjektkor og gymnaskoret på Voss, med årvisse julekonsertar
- solistar, både etablerte og profesjonelle musikarar og unge, lovande talentar
Våre dyktige instruktørar er:
- strykarar: distriktsmusikar Helga Hjetland
- treblås: distriktsmusikar Øystein Haga
- messing: Børge Styve, trompetist i Sjøforsvarets musikkorps i Bergen

Dirigenten vår, Dagfinn Rohde, spelte i mange år i BFO. Med stø hand og glimt i auget leier han oss gjennom trivelege og utviklande måndags- og helgeøvingar og konsertar!

Vi har følgjande instrumentgrupper:
- Strykarar: Fiolin, bratsj, cello og kontrabass
- Treblås: Tverrfløyte, obo, klarinett og fagott
- Messing: Trompet, horn, trombone, tuba
- Pauker/slagverk
Har du lyst å vite meir:
- utforsk heimesida vår
- ta kontakt med styreleiar Christiane Lid: post@fossegrimen.no eller 473 38 497
- følg oss på Facebook og Instagram!
