Vårkonsert med Fossegrimen og Voss kulturskule

“Orpheus i underverda” av Frans Francken, tidleg 1700-tal, Museum of Fine Arts, Nimes

Fossegrimen ønskjer velkomen til vårkonsert saman med Voss kulturskule, sundag 22. mai kl. 17.00 i Voss kulturhus.

Elevar frå kulturskulen har gjennom våren vore med på orkesteret sine øvingar og repertoaret på konserten reflekterer det ungdommelege innslaget. Voss kulturskule sitt solistkor, leia av Ingrid Langen Fjose, deltek òg på konserten.

Denne våren har samfunnet vakna til live att, og orkesteret har nytta høvet til å gjere nokre grep for å stå betre rusta i framtida. Det er sett av god tid til gruppeøvingar, slik at kvar musikar er godt budd når heile orkesteret skal øve inn verka. I tillegg legg vi vinn på å velgje repertoar som gir meistring for alle som er med.

Konserten 22. mai inneheld eit variert repertoar, frå meditative slagarar som Svanesjøen av Tsjajkovskij til spanande filmmusikk frå Pirates of the Caribbean. Repertoaret er meint å treffe gamle og unge, både på scena og i salen.Grand March frå operaen Tannhäuser av Richard Wagner er ein kraftfull marsj, og er mykje brukt som sjølvstendig konsertnummer. Operaen er skreve i åra 1843 og 1845, og librettoen brukar karakteristiske mytologiske tema for den tyske operaen.

Eit anna kjend verk som publikum får høyre i konserten er utdrag frå Svanesjøen av Pjotr Tsjaikovskij. Balletten bygger på ei tysk legende om svanen Odette som lever som svane om dagen, men som blir menneske igjen om natta.Det blir meir scenisk drama denne kvelden når orkesteret spelar Can Can frå Jacques Offenbach sin operette Orfeus i underverdenen. I følgje mytologien hadde Orfeus eit stort musikalsk talent, og når han song kunne han trollbinde alt frå ville dyr, til bekkar, steinar og tre.

Frå tysk opera får vi høyre Kulturskulen sitt solistkor synge utdrag frå Engelbert Humperdinck sin opera Hans og Grete, med akkompagnement av Fossegrimen. Stykket er basert på det kjende eventyret om dei to søskena som overlever farane dei vert utsett for i skogen. Songsolistar frå koret er Thea Pedersen Olde og Camilla Merkesdal.

Fossekallen er Voss kulturskule sitt eige orkester, og skal på denne konserten spele eitt stykke åleine: Allegro frå Kleine Suite for strykeorkester av Rudolf Zwartjes.Anna Hole Baartvedt, som går på musikklina på Voss gymnas, er solist på tverrfløyte i den særleg vakre Andante i C-dur av W.A. Mozart. Dette er tredje forsøk på å setje opp stykket, då koronapandemien har stoppa framføringa to gonger!

Vi skal òg innom filmmusikken og speler tema frå filmen om Harry Potter og ildbegeret, som er den fjerde boka i serien om guten med dei magiske evnene. Faste konsertgjengarar vil på denne konserten òg kjenne igjen den rytmisk drivande musikken frå filmen Pirates of the Caribbean.

Som vanleg er Dagfinn Rohde dirigent på denne konserten.

Med dette er Fossegrimen tilbake i godt gjenge, med nye musikarar og nye tonar.

Billettar kan kjøpast her eller i døra:

https://fossegrimen.ticketco.events/no/nb/e/fossegrimen_konsert_2252022

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.