Stikk innom konsert

Laurdag 19. mars held Orkesteret Fossegrimen, saman med kulturskuleorkesteret Fossekallen, eit orkesterseminar der orkesteret sine profesjonelle musikarar skal instruere.

Seminaret vert avslutta med ein uformell konsert, der vi framfører det repertoaret vi har arbeidd med den dagen. Vi spelar fleire korte, fine stykke for strykarar og treblåsarar og til slutt eit arrangement av 4. sats av Brahms 1. symfoni som fellesnummer.

Det ukrainske folket står midt oppe i ei meiningslaus og forferdeleg hending, og treng all den hjelp dei kan få. Vi vil difor gjerne syna vår medkjensle. Konserten er gratis, men vi oppmodar alle til å gje ei gåve til Norges Røde Kors sin naudhjelpskonto for Ukraina på VIPPS nr. 2272.

Velkomen til konsert i Voss kulturhus laurdag 19. mars kl. 15:00.

#avisahordaland#kulturskule#kulturskole#brahms#wereallinthistogether#Wagner#tannhäuser#bornfree#rondeau#voss#orkester#kulturhus#vosskulturhus#messingblåsere#treblåsere#strykeinstrumenter#visitvoss#vossabanken#vekselbanken#grasrotandelen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.