Utsett: Førjolskonsertar med kor og orkester

Detalj frå Portinari-tryptiket av den flamske målaren Hugo van der Goes.
Foto: Galleria degli Uffizi, Florence, Italy
https://en.wikipedia.org/wiki/Portinari_Altarpiece

Førjolskonsertane i Dale kyrkje 4. desember og i Nain 5. desember er diverre utsett til over jul, grunna smittespreiinga i regionen!

Orkesteret Fossegrimen sine konsertar med stort prosjektkor og ulike samarbeidspartar har vore ein fast førjolstradisjon i Vossebygda i mange år. I fjor vart ikkje dette noko av grunna nedstenginga av samfunnet, og det er difor ei særs etterlengta musikalsk oppleving for både publikum og medverkande som vi igjen kan tilby.

Fossegrimens prosjektkor 2021 er sjølve ryggraden i prosjektet, og koret har hatt øvingar kvar veke sidan tidleg i haust. Lars Ragnvaldsen har også i år vore leiar for dette koret. Og som fleire gonger før er skulekoret ved Voss gymnas si musikkline med og bidrar med sine unge røyster. Dette er ein del av den danninga som er viktig for skulen og samfunnet. Dirigentar for skulekoret er Elise Thorgersen Varne og Nina Mork Brunvoll.

Programmet i år er variert og samansett. Vi får høyra verk av m. a. Georg Friederich Händel og Pavel Tschesnokoff framført av messingblåsarane i orkesteret i samarbeid med musikarar frå Voss Skulemusikk. Børge Styve har vore instruktør. Treblåsarane i Fossegrimen, dirigert av Øystein Haga, har sin eigen avdeling med musikk av Johann Sebastian Bach og Joseph Haydn. Strykarane framfører Concerto Grosso opus 6 nr. 8 – «Jolekonserten» – av Arcangelo Corelli. Vilde Haukås Fosse, elev på Musikklina på Voss gymnas, er solist på kornett i den svenske folketonen «Mitt hjerte alltid vanker».

Hovudverket i dette konsertprogrammet er «Five Christmas Carols» for kor og orkester i eit arrangement av David Willcocks. Det inneheld dei kjende engelske jolesongane «God rest you merry, gentlemen», «O come all ye faithful», «Unto us is born a son», «The First Nowell» og «Hark! the herald angels sing.» Både Fossegrimens prosjektkor 2021 og musikklinekoret på Voss gymnas er med i dette verket, og i orkesteret sit strykarar frå Voss kulturskule.

Den franske organisten og komponisten Charles-Marie Widor skreiv fleire orgelsymfoniar, og mest kjend er vel Toccata-satsen frå orgelsymfoni nr. 5. David Willcocks har med utgangspunkt i denne satsen skrive ein mektig 4-stemmig korsats “Sing!” for orgel/klaver solo, blanda kor og orkester. Solist er Frode Vik, medan Fossegrimens prosjektkor 2021 står for det vokale bidraget.

På programmet står også eit utdrag frå Gloria-satsen i Giacomo Puccini si «Messa di Gloria» for kor og orkester, eit verk Fossegrimen har framført fleire gonger tidlegare.

Dagfinn Rohde, Fossegrimen sin faste musikalske og kunstnarlege leiar gjennom 30 år, dirigerer kor- og orkesterverka i dette programmet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.