Faunens ettermiddag

23.-24. oktober 2021 i Voss Ungdomshall

Den tverrkunstnarlege familieproduksjonen «Faunens ettermiddag» er skapt av Fiddlesticks figurteater på Voss, i samarbeid med Orkesteret Fossegrimen. Resultatet er ein levande orkesterkonsert som kombinerar tradisjonelt marionetteteater og klassisk musikk, i hovudsak fransk og norsk impresjonistisk musikk.

I «Faunens ettermiddag» høyrer vi Claude Debussy sitt symfoniske dikt for orkester «Prélude à l’après-midi d’un faune» frå 1894, andre stykke av Claude Debussy, og stykker av norske komponistar frå den første delen av 1900-talet, som Alf Hurum og David Monrad Johansen. Desse komponistane var særleg inspirerte av fransk impresjonisme, men også påverka av norsk folkemusikk. Alle stykka vert spelte av orkesteret Fossegrimen, saman med solopianist og distriktsmusikar Kato Nogva Flem.

“Det er ein solrik seinsommardag, og faunen ligg i djup svevn under eit bjørketre. Men tida står ikkje stille medan han søv: dyr, ville fuglar og frekke insekt kjem til syne i landskapet. Når faunen til slutt vaknar, får han fleire overraskande møte. Ikkje berre går det menneske omkring i skogane og på markane hans, men plutseleg kjem det til syne ei svært vakker nymfe, som faunen vert bergteken av…”

«Faunens ettermiddag» har premiere laurdag 23.10.2021 kl. 16 i Voss ungdomshall og vert også framført søndag 24.10.2021 kl. 14 og 16.

Billettar i døra eller frå Ticketco.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.