Musikk i koronavinteren

Musikk og menneske høyrer uløyseleg saman, frå mor sin song ved vogga, og gjennom heile livet. Musikk gjev felles opplevingar og skapar band, både når ein spelar musikk saman og når ein er tilhøyrar til ei framføring. Denne vinteren er mange av oss mykje åleine, og til liks med andre kor, korps og orkester kan Fossegrimen ikkje samlast for å øva saman, av omsyn til smittevernet. Det er eit stort sakn å ikkje kunne spela saman!

Studiar syner at mange søker tilbake til musikk frå barndom og ungdom, og at nostalgien har gode kår under pandemien[i]. Det å spele og å lytte til musikk som vi likar, å oppleve og utøve musikk, er bra for folkehelsa. Musikk gjev livsglede og eit betre liv – og dessutan eit lengre liv! Øver du med korpset, orkesteret eller koret ditt ein gong i veka vert risikoen for tidleg død minska med 30 prosent. Å vera tilhøyrer på konsert eller festival har ei dokumentert helseeffekt[ii]. Høyr på musikk!

I 2020 gjennomførte Fossegrimen berre 3 konsertar, og vi har gjennom heile dette året og så langt i 2021 lagt vinn på å følgje retningslinene frå myndigheitene. Øvingane vi hadde i mindre grupper fungerte godt og vi fekk prøvd ut nytt repertoar. Vi planlegg for eit par konsertar i løpet av våren, men før vi kan halde konsert lyt vi ha nok øvingar på førehand. Styresmaktene ynskjer dessutan at kulturarrangement som konsertar vert utsett dersom utøvarar eller publikum kjem frå fleire kommunar.

Nett no er det uvisst kor tid vi får opptre att. For vaksne gjeld framleis tilrådinga om å ikkje gjennomføra organisert aktivitet innandørs. Det er ikkje kome signal om når musikkøvinger for vaksne kan takast opp att, anna enn at regjeringa heile tida vurderer situasjonen. Med stadig endra smittesituasjon og skiftande råd må vi uansett planleggja for kort tid om gongen. No håpar vi at tiltaka har ynskt effekt, slik at musikarane våre snart kan samlast att til øving.

I mellomtida let vi ikkje instrumenta støve ned, men øver kvar for oss, for å vera speleklare den dagen vi får spele saman att! Medan vi ventar anbefaler vi til dømes Bergenfilharmonien sin Wintermezzo; her er lenka til Leif Ove Andsnes si framføring av Mozart sin Pianokonsert nr. 21 saman med Bergen Filharmoniske Orkester 22. januar i år, den same pianokonserten som han framførte saman med Orkesteret Fossegrimen til vårt 100-års-jubileum.

https://www.bergenphilive.no/video-konserter/2021/01/wintermezzo-leif-ove-andsnes-plays-mozart/

#SongsOfComfort        #LetTheMusicPlay       #KeepTheMusicGoing          #MUSICOVID


[i] https://forskning.no/epidemier-musikk-ntb/vi-horer-pa-musikk-fra-barndommen-i-koronakrisen/1719878

[ii] https://www.musikk.no/nmr/lokale-musikkrad/lokale-musikk-og-kulturrad-i-koronaens-tid

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.