Førjulskonsertar

Utover hausten kom orkesteret godt i gang med å øve inn programmet for den årvisse førjulskonserten, men Koronasituasjonen har gjort det vanskeleg både å øve og å ha framføringar. Skal vi fylgje smittevernråda og halde naudsynt avstand i orkesteret, så fins det inga scene her på Voss som er stor nok til at vi kan opptre!

20/11: På bakgrunn av koronapandemien er no alle julekonsertane våre diverre avlyst.

Noteark og julepynt

Julekonserten i år skulle ha ein annan form enn det vi er vane med. Det vart diverre ikkje korprosjekt i år, då det ikkje lot seg gjere å samla kor og fullt orkester og samstundes fylgje smittevernråda ved øvingar og konsertar.

Orkesteret vart difor delt i grupper, der strykarar og blåsarar kvar for seg øvde inn vakker kammermusikk for mindre ensemble og strykeorkester. Det er ei god og lærerik erfaring for musikarane å jobbe på denne måten, og vi såg fram til å presentere ein annleis og stemningsfull førjulskonsert.

15. november 2020 i Vossasalen, Park Hotel Vossevangen:

Oppdatering 7/11: På bakgrunn av korona-retningslinjene er denne konserten diverre utsett.

Voss Sparebank sin årvisse konsert, var i år lagt til Vossasalen, grunna oppussing av Vangskyrkja. På programmet stod strykarserenaden Eine kleine Nachtmusik av Mozart, og Mozarts Fløyte andante med Anna Baartvedt frå musikklina ved Voss Gymnas som solist. Orkesteret skulle som tidlegare år fungere som husorkester og akkompagnere ein del av dei andre musikarane, og, i tråd med tradisjonen, framføre Vossasongen av Torgeir Raugstad i Irene Tillung sitt arrangement. Noko av dette programmet håper vi å ta opp att ved ei seinare anledning.

6. desember 2020, Voss:

20/11: Også denne konserten er diverre no avlyst.

Førjulskonsertane hadde i år eit anna program enn det dei pleier å ha, og planen var at strykarar og blåsarar skulle bidra med kvar sine del. På programmet stod Five Christmas Carols av David Willcock, Eine kleine Nachtmusik og Fløyte andante av Mozart, og annan stemningsfull musikk. Vi håpar å kunne framføre denne fine musikken ved eit anna høve.