Storslagen konsert, frå Wien, via romantikken, til vår tid.

Konserten er diverre utsett til februar 2021!

Fossegrimen inviterer i mars til storslagen konsert i samarbeid med Fana Kammerorkester. Saman vil dei to orkestra by på verk frå wienerklassisismen, via romantikken og fram til vår tid.

Konserten laurdag 21. mars finn stad på Voss, på Fossegrimen si heimebane, medan konserten sundag 22. mars er lagt til Universitetsaulaen i Bergen.

Frå Suppés romantiske overtyre til Diktar og bonde, til Beethovens Egmont-overtyre

Program
Franz von SuppéOverturen frå Diktar og bonde
Johan SvendsenRomanse for fiolin og orkester
Nino RotaDivertimento concertante for kontrabass og orkester.
Giovanni BottesiniDuo concertante for fiolin og kontrabass
Ludwig van BeethovenOverturen til skodespelet Egmont
av Wolfgang von Goethe

Konserten opnar med den kjende overturen frå Diktar og bonde av den romantiske komponisten Franz von Suppé (1819-1895). Suppé vert rekna som austerriksk, men var fødd og oppvaksen i det som no er Split i Kroatia. Av hans rundt rekna 30 operettar er Dikter og bonde ein av få som framleis er kjent. Sentralt i stykket er ein særleg vakker solo for cello.

Melina Mandozzi
Foto: Magnus Skrede

Når orkesteret har spela seg varm, er det klart for kveldens første solist: Melina Mandozzi, til dagleg konsertmeister i Bergen Filhamoniske Orkester, er solist i Romanse for fiolin og orkester av Johan Svendsen.  Svendsen veksla mykje mellom å bu i Noreg og i europeiske byar. Romansen vart komponert i 1881 då han nokre år budde i Noreg, og vart i følgje historia komponert i ei ledig stund han fekk, då ein av hans elevar ikkje kom til time.

Péter Palotai
Foto: Britt Embry

Nino Rota er mest kjent som komponist av filmmusikk, og temamusikken frå filmane Gudfaren 1 og 2 er blant dei mest kjente i filmhistoria. Divertimento concertante vart skreve for kontrabass og orkester. På konserten framfører solist og orkester først sats 2, marsj. Denne satsen inneheld ein del skalaer og øvingar for kontrabass, då Rota på denne tida var kollega på Trinity College of Music med ein berømt kontrabassist, Franco Petracchi. Sats 3, aria, vart opprinneleg skreve som filmmusikk til Doktor Zhivago. Solist i Divertimento concertante er Péter Palotai, kontrabassist i Bergen Filharmoniske Orkester og, ikkje minst, Fossegrimen sin kontrabassist i ei årrekke.

Nest siste verk er Duo concertante for violin og kontrabass av den italienske romantiske komponisten Giovanni Bottesini. Bottesini var viktig for utviklinga av både speleteknikk og kontrabassen si rolle i orkestermusikk. Her får vi høyre kveldens to solistar saman i eit herleg energisk samspel.

Konserten vert avslutta med med ein av dei store klassiske komponistane, Ludwig van Beethoven. Overturen til skodespelet Egmont av Wolfgang von Goethe, viser dei store dramatiske kjenslene som prega mykje av Beethoven sine verk. Konserten vert såleis avslutta med ein styrkeprøve for samspelet mellom Orkesteret Fossegrimen og Fana Kammerorkester.

Konserten vert leia av Fossegrimen sin faste dirigent Dagfinn Rohde.

Billettsal i døra, og her: https://fossegrimen.ticketco.events/no/nb/