Førjulskonsertar med Fossegrimen

Tradisjonen tru byr Fossegrimen inn til førjulskonsertar med stort kor i Nain laurdag 7. desember og sundag 8. desember. I tillegg til det årlege prosjektkoret, samarbeider Fossegrimen denne gongen med koret ved musikklina på Voss gymnas. Prosjektkoret er også dette året kyndig leia av Lars Ragnvaldsen, medan Nina Mork Brunvoll og Elise Varne har innstudert verka med koret frå musikklina.

Konserten opnar med 1.sats frå Franz Schubert sin Symfoni nr. 8 i h-moll, også kalla den ufullendte. Deretter framfører kor og orkester Cantique de Jean Racine av Gabriel Fauré. Fauré komponerte dette vakre verket medan han enno var elev ved l’Ecole Niedermeyer, og berre 19 år gamal. I 1887 byrja Fauré på det verket som han truleg er mest kjent for, Rekviem i d-moll. Stykket er i utgangspunktet ganske kort og er prega av vakker, fransk klang. Koret og orkesteret framfører to satsar, Agnus Dei og Libera Me frå dette verket. Så vert det ein snartur innom England og ein sats, Nimrod , frå Edward Elgar sin suite Enigma-variasjonane. Til slutt i programmet kjem Felix Mendehlsohn sin store koral Salme 42.

Bill.pris: kr. 250,- (born/ungdom under 18 år gratis). Kjøp billettar ved inngangen, eller på førehand i Voss Bokhandel eller på Ticketco: https://fossegrimen.ticketco.events/no/nb/m

Her kan du lasta ned heile konsertprogrammet:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.