Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane. Orkesteret vart skipa i 1917, og tel i dag rundt 35 aktive medlemmar, både amatørar og yrkesutdanna i alle aldrar. Fossegrimen held 6-10 konsertar kvart år. Du er hjarteleg velkomen til å vera med, som tilskodar eller utøvar!

Haustkonsert - Laurdag 26/9 kl 19 inviterer orkesteret til haustkonsert i Nain, med eit variert klassisk program for ulike besetningar av strykarar og treblåsarar, og musikk i ulike stilartar og sjangrar.
Vel møtt til ny sesong! - Vel møtt til ein ny haust med Orkesteret Fossegrimen! Vi øver måndagar kl 18-21 i Voss kulturhus. Nye og "gamle" musikarar velkomne! Mellom høgdepunkta denne hausten er stikk-innom-konserten laurdag 26. september og jolekonsertane 5. og 6. desember.
Har du lyst å vere med i orkesteret? - Spelar du eit orkesterinstrument er du velkomen som musikar! Ta kontakt, eller kom til ei av øvingane våre. Ein kan prøve å vera med ein periode, begynne forsiktig med delar av repertoaret – eller kaste seg heilhjarta uti musikken! Orkesteret øver kvar måndag i Voss kulturhus frå kl 18 – 21. Klikk på overskrifta for å lesa meir!

Få nyhendebrev frå Fossegrimen

We don’t spam! Read our privacy policy for more info.


Orkesteret Fossegrimen på Instagram: