26. og 27. september 2020 i Trudvang, Granvin og Nain, Voss:
I vår var det planlagt ein storslått heradskonsert for å feire samanslåinga av Granvin og Voss til Voss herad. Konserten måtte utsetjast grunna korona-pandemien, men vart i september framført både på Voss og i Granvin. Kommunalsjef for kultur og fritid, Trude Hoflandsdal Letnes, var konferansier på konserten.  Repertoaret var bygd på norsk folkemusikk med tilknyting til Granvin og Voss, og vart framført i flott samspel mellom ein av våre store spelemenn, Knut Hamre, og orkesteret Fossegrimen.

Bilete av solist Knut Hamre og ei Hardingfele.

15. november 2020 i Vossasalen, Park Hotel Vossevangen:
Strykarane og treblåsarane er vanlegvis med på Voss Sparebank sin årvisse konsert, som i år vart lagt til Vossasalen grunna oppussing av Vangskyrkja. Konserten vart avlyst grunna den pågåande smittesituasjonen og koronatiltaka. På programmet sto Mozarts Eine kleine Nachtmusik og Fløyte andante, også av Mozart, med solist Anna Baartvedt. Vi håpar å ta opp att dette programmet ved eit seinare høve.

6. desember 2020, Voss:
Førjulskonsertane var tenkt å finne stad anten i Nain eller i kulturhuset på Voss, med eit delt program, slik at strykarar og blåsarar skulle bidra med kvar sine del. På programmet stod eit verk av David Willcock, Five Christmas Carols, Mozart’s Eine kleine Nachtmusik, og Fløyte andante, og annan stemningsfull musikk. Desse konsertane vart til slutt avlyste.

13. desember 2020, Fleischer’s Hotell, Voss:
Julekonserten på Fleischer’s Hotell på Luciadagen, sundag 13. desember, vart diverre avlyst.

13. og 14. februar 2021:
På orkesterkonsertane i februar planla vi å framføre Grand Duo Concertante av Bottesini, med Melina Mandozzi (fiolin) og Peter Palotai (kontrabass) som solistar, Johan Svendsen sin fiolinromanse, to satsar frå Divertimento for kontrabass og orkester av Nino Rota, ouverturen til Dikter og Bonde av Franz von Suppé og ouverturen til Egmont av Ludwig van Beethoven. Desse konsertane er utsette.

Deretter planla vi ein mindre konsert 14. februar med distriktsmusikarane, men også dette vart diverre avlyst, grunna koronatiltaka.

18. april og 30. mai 2021:
Orkesterkonserten er no flytta til søndag 18.04.21, og vi planlegg ein konsert i samarbeid med Voss kulturskule sundag 30.05.21. Nærare opplysningar kjem dersom det vert mogeleg å halde desse konsertane.