Fossegrimen sin vårkonsert 10. mars har eit gnistrande klassisk program, med musikk av m.a. Sibelius, Mussorgsky og Groven. Med oss har vi solistar på obo og klassisk gitar.
Vel møtt til Messias-framføringar i Nain på Voss laurdag 9. desember og søndag 10. desember kl. 17.00.
Voss Sparebank fyller 180 år, og ynskjer gamle og nye kundar velkomen til den årlege skipingskonserten onsdag 15. nov kl 19.30 i Vangskyrkja!
Midt i folkelivet under Smalahovefestivalen tilbyr Orkesteret Fossegrimen ein liten time med lettare musikk i mindre ensembler i Ungdomshallen, ein haustmeny med solostykke for violin, cello og fløyte og ulike stykke for strykarar og blåsekvintett.
Fossegrimen spelar under avdukinga av Ridande Vossabryllaup. Laurdag 10. juni kl 14 vert det avduking av monumentet «Til Minne um Spelemannen Ola Mosafinn og gamle ridande Vossabrudlaup» av Nils Bergslien på Prestegardslandet.
Orkesteret Fossegrimen inviterer til heiderskonsert for Rudolf Zwartjes i kulturhuset søndag 19. mars kl 17. Kom og høyr noko av musikken som den dyktige og omtykte læraren Rudolf Zwartjes har skapt, framført av nokre av dei tidlegare elevane hans.
Julekonsertane til Fossegrimen, saman med prosjektkor og ulike samarbeidspartar, er vorten ein kjær førjulstradisjon i Vossebygda. I år er vi tilbake for fullt, med ei etterlengta musikalsk oppleving for både publikum og musikarar.
Spelar du eit orkesterinstrument er du velkomen som musikar! Ta kontakt, eller kom til ei av øvingane våre. Ein kan prøve å vera med ein periode, begynne forsiktig med delar av repertoaret – eller kaste seg heilhjarta uti musikken… Orkesteret øver kvar måndag i Voss kulturhus frå kl 17 – 20. Klikk på overskrifta for å lesa meir!
Fossegrimen, saman med elevar og solistkor frå Voss kulturskule, ønskjer velkomen til vårkonsert sundag 22. mai kl. 17.00 i Voss kulturhus.
Repertoaret på konserten er variert og ungdommeleg, med alt frå meditative slagarar til spanande filmmusikk.
Laurdag 19. mars held Orkesteret Fossegrimen, saman med kulturskuleorkesteret Fossekallen, ein uformell konsert, der vi framfører fleire korte, fine stykke for strykarar og treblåsarar og til slutt eit arrangement av 4. sats av Brahms 1. symfoni, som fellesnummer.