fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Historie

Orkesteret Fossegrimen gjennom 100 år

Orkesteret Fossegrimen vart starta i 1917 av lektor Erik Eggen (1877-1957) ved Voss off. Landsgymnas. Nokre år tidlegare hadde han fått i stand ein strykekvartett blant kollegaene sine. Denne vart etter kvart utvida med fleire musikarar,kleive og i 1917 var dei mange nok til å skipa eit eige "strjukeorkester", som fekk navnet Voss Musiklag. Orkesteret hadde sin første offentlege konsert 24. mars 1918 i Voss Ungdomshall og fekk strålande omtale i lokalavisa "Hordaland": "At musikklivet vert vekt til live, har meir aa segja enn kan henda dei fleste trur" sto det m.a. å lesa. Men orkesteret kvilde ikkje på laurbæra. Med Eggen som dirigent auka medlemstalet, og fleire konsertar vart det i åra frametter - ofte i Vangskyrkja 17. mai og ofte saman med lokale kor. På repertoaret sto gjerne verk av Grieg, Handel, Schubert, Schumann og Wagner. I 1921 vart navnet endra til Orkesteret Fossegrimen, og det hadde då rundt 25 aktive medlemer, både strykarar og blåsarar. Peter Berg og Svein Stuve var Fossegrimen sine første styreleiarar, og dei la ned eit stort organisatorisk arbeid for orkesteret gjennom mange år samstundes som dei også var gode musikarar, Berg spelte fløyte og Stuve spelte cello.

nedbergErik Eggen var dirigent for Fossegrimen fram til 1933. Etter noko stillstand kom orkesteraktiviteten igang igjen då organist Kristoffer Kleive (1913-2005) overtok som dirigent vinteren 1936. Han leia orkesteret fram til krigsutbròtet i 1940. I denne tida hadde han ansvaret for fleire større konsertprosjekt med Fossegrimen.

Dei første åra under okkupasjonen fungerte ikkje orkesteret, men frå 1942 var det i full gang igjen og nå med organist Carl-Trond Nedberg (1917-2004) som fast dirigent. Fossegrimen fekk ei aktiv tid framover med mange konsertar og aukande medlemstal. På orkesteret sin 30 års jubiléumskonsert i 1948 var Erik Eggen attende som gjestedirigent, og på programmet sto m. a. hans Norsk rapsodi for orkester, som han hadde tileigna Fossegrimen. Seinare same året spelte orkesteret Griegs klaverkonsert for første gongen, då med Nedberg som solist og lektor Knut Tylden som dirigent. I 1950 var det eit større samarbeidsprosjekt med Odda Orkesterforening, der m.a. Beethovens 5. symfoni vart framført. Fru Norma Nedberg var ei framifrå fiolinistinne og var solist i Svendsens Romanse.

Arvid-Aarsnes-og-Anton-RingheimEkteparet Nedberg gjorde eit stort arbeid for musikklivet på Voss, m.a. var dei i 1948 pådrivarane til Orkesterskulen som var meint som rekruttering av unge musikarar, og då særler strykarar, til Fossegrimen. Orkesterskulen skulle seinare verta til Voss kommunale Musikkskule og i dag Voss kulturskule.

I 1952 flytta familien Nedberg til Narvik. Men straks etter var den nye dirigenten, organist Arvid Aarsnes (1920-2012), på plass framfor Fossegrimen. Seinare same året spelte orkesteret Beethovens 3. klaverkonsert med Ingebjørg Gresvik som solist, ei av de heilt store opplevingane i orkesteret si soge. I 1953 vart Gabriel Fauré sitt rekviem framført for første gongen her i landet i samband med åpninga av den nyrestaurerte Vangskyrkja på Voss, og i 1957 ved Per Sivle sitt 100-årsminne urframførte Fossegrimen tingingsverket Sju Sivlesongar opus 166 av Geirr Tveitt med Ingrid Bjoner og Egil Nordsjø som solistar.

RudolfSEllers hadde Fossegrimen rike år under Aarsnes si leiing, som frå 1962-63 fekk hjelp og etter kvart avløysing av fiolinisten Rudolf Zwartjes (1934-) som då hadde flytta til Voss frå Nederland. Serleg strykarane hadde ei aktiv og utviklande tid under hans taktstokk, denne delen av orkesteret vart mykje nytta i kyrkjelege samanhengar der mange større og mindre verk frå barokken vart framførde, ofte i samarbeid med lokale kor. Men frå 1972 vart blåsarane meir med att. På orkesteret sin 60 års jubiléumskonsert i 1978 stod Mozarts symfoni nr. 40 på programmet, og Fossegrimen sin mangeårige konsertmeister, Anton Ringheim, var solist i Svendsens fiolinromanse. Griegs klaverkonsert i a-moll med Else Kleynenberg som solist vart også framført. Ellers var orkesteret i 1975 med i eit TV-opptak i Vangskyrkja, der Telemanns bratsjkonsert vart framført, då med Zwartjes som solist og Aarsnes som dirigent.

Våren 1979 takka Zwartjes av som dirigent for Fossegrimen, men han har sidan i fleire periodar vore aktiv som musikar i orkesteret. Utan ny dirigent til å ta over fekk orkesteret ei vanskeleg tid framover. Men Birger Rostrup (1916-1995) tok på seg oppgåva å leia orkesteret, og fleire konsertar vart det både på Voss og i regionen, m.a. samarbeidskonsertar med Dale Mannskor.

Det var likevel store rekrutteringsvanskar og fallande medlemstal, ikkje minst fordi ein på mange måtar stod ved eit generasjonsskifte. I 1981 vart det valt eit nytt styre med Peder Ringdal som styreleiar, og Fossegrimen vart organisert som eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane der målet var å samla interesserte musikarar i heile denne regionen i eitt orkester og å ha regelmessige konsertar her. Eit tettare og meir strukturert samarbeid med musikkskulane vart ein viktig hjørnestein i orkesteret sitt arbeid. Hausten 1981 tok organist Lars Ragnvaldsen (1944-) over arbeidet som fast dirigent for orkesteret, og han leidde orkesteret inn i ei ny blømingstid og aktiv utviklingsperiode. SigbBernhoftI dei 10 åra med han som musikalsk leiar hadde Fossegrimen 8-10 offentlege konsertar kvart år rundt om i regionen, gjerne med 4 forskjellige program. Fleire store og krevjande verk vart framførde, ofte med ulike samarbeidspartnarar. I 1985 produserte Fossegrimen eit eige videoprogram, Hardingfela og symfoniorkesteret - ulike tradisjonar i samklang, med Sigbjørn Bernhoft Osa som solist og forteljar. Programmet vart seinare vist i NRK-Fjernsynet. I denne tida vart det også etablert ei distriktsmusikarordning i regionen med tre musikarar fast knytte til orkesteret på deltid. Dei fekk oppgåver som konsertmeister og gruppeleiarar og har sidan vore sentrale i orkesteret si utvikling. Som lærarar i kulturskulen har dei hatt ei viktig oppgåve i rekrutteringsarbeidet til orkesteret, og det å ha med unge kulturskule-elevar har vore viktig for Fossegrimen. Etter at Lars Ragnvaldsen slutta som dirigent for orkesteret har han halde fram som korinstruktør i samband med Fossegrimen sine framføringar av ulike oratorier og messer. 

Sidan hausten 1991 har Dagfinn Rohde (1951-) hatt ansvaret som fast dirigent og musikalsk leiar for Fossegrimen. Han er den 8. i rekkja av orkesteret sine faste dirigentar og den som har hatt lengst tenestetid. Med sin bakgrunn og lange røynsle som fiolinist i Bergen Filharmoniske Orkester har han hatt svært mykje å tilføra orkesteret, og under taktstokken hans har det gjort nye store sprang i utviklinga si, både når det gjeld stabilitet og kvalitet. Oppgåvene desse åra har vore talrike og svært allsidige med eit repertoar som spenner over musikk frå 1600-talet og heilt fram til våre dagar, og høgdepunkta har nærast stått "i kø". Av større og krevjande verk som vi har framført under Rohde si leiing kan nevnast Gloria av Vivaldi (2001), oratoria Messias av Händel (1987, 1990, 1993, 2000, 2003, 2007, 2012), Skapelsen av Haydn (1994, 2004, 2008) og Paulus av Mendelssohn (1995, 1997, 2005, 2010), Messa di Gloria av Puccini (2002, 2006, 2013), og rekviem av både Cherubini (2000, 2014) og Mozart (2009). Kor-orkesterprosjekta var i mange år eit samarbeid med Voss og omland kantori (VOK) som ofte var utvida til stort regionalt kor, og frå 2013 med Fossegrimens Prosjektkor. Av andre oppgåver kan nemnast Dvoraks cellokonsert med Aage Kvalbein som solist (1997), Tveitts hardingfelekonsert nr. 2 - Tri Fjordar - med Nils Økland i 1992 og Gjermund Larsen i 2008, Haydns trompetkonsert med Ole Edvard Antonsen (1998), Chopins klaverkonsert nr. 1 med Håvard Gimse (2006) og Svendsens symfoniar (1994, 2002). Griegs klaverkonsert med Geir Botnen framførte vi i 2006, og under Osafestivalen i 2007 sto Tveitt sine Sju Sivlesongar igjen på programmet. Orkesteret sine 90 år vart markert med ein stor jubiléumskonsert våren 2008, der søstrene Ragnhild og Eldbjørg Hemsing var solistar.

Våren 2009 baud på nye store utfordringar med framsyning av stumfilmen Brudeferden i Hardanger frå 1926. Filmen var blitt restaurert og digitalisert, og Halldor Krogh hadde funne fram til og arrangert musikken som vart spelt av stort orkester då filmen vart vist dei første gongene i Oslo i 1927. For Fossegrimen-musikarane var det ei krevjande oppgåve å spela og samstundes "halda fylgje med" handlinga som utspelte seg på filmlerretet, men med Dagfinn Rohde si sikre og stødige leiing gjekk dette svært så bra, og om hausten vart filmen vist igjen, då også i Balestrand. Ei anna av dei heilt store hendingane i Fossegrimen si lange historie er konserten It's all about Jazz i ein fullpakka Fraktgodsen på Voss 13. juni 2010. Med kjende jazz-låtar, arr. for stort orkester, fekk publikum oppleva orkesteret frå ei anna side, og klaversolist Andrew Litton, sjefsdirigenten i Bergen Filharmoniske Orkester, trollbatt alle i Rhapsody in Blue av Gershwin. Stor stas var det då han som "ekstranummer" dirigerte Fossegrimen i Vals nr. 2 frå Jazz Suite nr. 2 av Sjostakovitsj. Svært vellukka var og konsertane som orkesteret heldt 19. og 20. mars 2011 som del av åpningsmarkeringa av det nye kulturhuset på Voss. Her framførte vi kjende perler frå opera- og operettelitteraturen med Ingrid Langen Fjose og Arild Helleland som solistar. 

18.06.06 fossegrimen 12Mange musikalske høgdepunkt er det også blitt dei seinare åra under Dagfinn Rohde si leiing, gjerne med yngre og lovande musikarar som solistar. Såleis var Børge Styve i 2011 solist i to satsar i Jan Krtitel Neruda sin trompetkonsert, Inger-Kristine Riber i Beethovens 3. klaverkonsert i 2012 og i Geirr Tveitt sin første klaverkonsert i 2017, Jarl Eivind Aspen i Mozart sin obokonsert i 2013, Sondre Fjose Sandberg i to satsar frå Mozart sin fiolinkonsert nr. 3 i G-dur i 2014, og i 2016 Mari Persen på fiolin i Faurés "Après un Rève" og sopranen Mari Bryn i fleire oratoriearier. Yngre kulturskule-elevar er med i orkesteret med tilrettelagde stemmer på mange av prosjekta, og våren 2015 hadde vi eit givande samarbeid med kulturskulane i Osterøy, Lindås og Voss. Og i 2016 var det igjen utfordringar med uvante rytmar og harmoniar i samspelet med den legendariske rockegruppa Shades of Blues, der musikken var arrangert og tilrettelagt av Halldor Krogh. 

Men vi har òg hatt eldre og etablerte musikarar som solistar: Margit Mørkve Botterill, Harald Bjørkøy og Magne Fremmerlid var solistar i Händels Messias i 2012, Jon Faukstad i Fem nordiske portrett for akkordeon og strykarar av Henning Sommerro (2014) og Alexander Aluf i Mozarts hornkonsert nr. 3 i Ess-dur (2015). Det skal òg nemnast at Fossegrimen hadde konsertar på festivalen Hardingtonar i Norheimsund både i 1999 og i 2005, og orkesteret har mange gonger medverka på den årlege Osafestivalen på Voss, som vi også er medarrangør av.

Gjennom åra har Fossegrimen hatt samarbeidsprosjekt med fleire andre orkester og lag: i 1950 med Odda Orkesterforening, i 1956 med Dale Musikkforening, i 1988 med Nord-Rogaland Symfoniorkester i Haugesund, i 1990 med Symfoniorkesteret i Sogn, i 2002 med Fana Kammerorkester og i 2004 Bergens Turnforenings Orkester, Evanger Musikklag i 2001 og 2014, og Voss Spelemannslag i 2015.  

Etter fleire års arbeid med innsamling av opplysningar vart Orkesteret Fossegrimen si lange historie endeleg samla og gitt ut i bokform, og den innhaldsrike og flotte Symfoni på Voss, skrive av forfattaren Arvid Møller, vart lansert under ein konsert i Voss kulturhus i november 2012.

Kvar sesong er det vanlegvis fire ulike konsertprogram som vert innstuderte og framførde på Voss og rundt om i regionen. Eit oversyn viser at gjennom desse hundre åra har Fossegrimen hatt til saman 532 konsertar og andre offentlege framføringar, om lag 1/3 av desse under Dagfinn Rohde sin taktstokk. Som regionalt symfoniorkester sidan 1981 har Fossegrimen spelt ein eller fleire gonger i 12 ulike kommunar i Hordaland i tillegg til Voss, og det har hatt konsertar i Haugesund, Vik i Sogn, Aurland, Lærdal og Balestrand. 

Drift av eit orkester på dette nivået er mogeleggjort med midlar frå Voss kommune og Hordaland fylkeskommune, og konsertstønader frå ulike andre kommunar, frå velvillige private sponsorar og annonsørar, gjennom billettinntekter og medlemskontingentar, og tilskot frå ymse andre instansar.

Fossegrimen tel 30-35 musikarar frå Voss og grannekommunane. Dei møtest til øving kvar veke i Voss kulturhus. Mange har vore med i orkesteret i fleire ti-år og har gjort eit stort arbeid i å sikra orkesterdrifta, både musikalsk og administrativt. Til nå har Fossegrimen utnemnt fem æresmedlemer for deira langvarige og verdfulle innsats for orkesteret: Leiv Gjerskvål, Johannes Hellene, Sigurd Petersen, Olav Berge og Gaute Sandvik. Gledeleg er det at også dei unge kjem med i Fossegrimen, fleire av medlemene er ungdomar i alderen 15-20 år.

Fossegrimen vert administrert av eit styre med 5 medlemer. Styremedlemer i jubileumsåret er Peder Ringdal, Halvard Bjørgo, Brynjulv Norheim, Knut Brunvoll og Bridget Penny.