fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Vedtekter

§ 1 FØREMÅL


Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester for Voss og grannekommunane, som vil arbeida for
og utvikla orkestermusikk gjennom opplæring, motiverande aktivitetar og god organisering.

Dette vil orkesteret nå ved å:
  • vera eit aktivitetstilbod for interesserte musikarar, amatørar og fagutdana;
  • arbeida for symfonisk musikk i det regionale musikk- og kulturlivet, og samarbeida med einskildpersonar, kulturorganisasjonar og andre institusjonar;
  • bringa "levande" orkestermusikk ut til publikum i heile regionen med regelmessige konsertar;
  • ha eit nært samarbeid med musikkutdaningsinstitusjonar i regionen og vera eit mål å arbeida mot for elevar her.


§ 2 MEDLEMSKAP

2.1 OPPTAK AV MEDLEMER

Orkesteret har slike former for medlemskap:

  • Aktivt medlemskap: for dei som vil delta aktivt i lagsarbeidet, som musikarar m.m.
  • Æresmedlemskap.
  • Vener av Fossegrimen: for dei som støttar tiltaket, men som ikkje vil delta aktivt i orkesterverksemda.

2.2 MEDLEMENE SINE PLIKTER

a) Medlemene må følgja orkesteret sine vedtekter, reglar og lovlege vedtak.
b) Musikarane skal møta på øvingar, konsertar og andre oppdrag til avtalt tid. Det skal varslast om fråvere. Når det gjeld konsertar, skal fråveret varslast til styret i god tid.
c) Instrument og anna utstyr som høyrer orkesteret til skal haldast i god stand. Uvøren handsaming av orkesteret sine eignelutar kan medføra økonomisk ansvar.

2.3 KONTINGENT

Medlemene skal betala kontingent og andre økonomiske medlemsplikter innan fastsett tid.

2.4 UTMELDINGAR

Medlemer som ønskjerå melda seg ut, må gje melding om dette til orkesteret sitt styre. Utmeldingar bør helst gjerast ved sesongslutt.

2.5 UTVISING OG UTESTENGING

Medlemer som ikkje rettar seg etter orkesteret sine lover, reglar og vedtak, eller som er til skade for orkesteret sine aktivitetar eller omdøme, kan styret visa ut for kortare eller lenger tid. I grovare tilfelle kan årsmøtet stogga medlemskapen for godt.

§ 3 ÅRSMØTE

3.1 STATUS

Årsmøtet er orkesteret Fossegrimen sitt høgste styringsorgan.

3.2 ÅRSMØTEPERIODE, INNKALLING OG SAKER

a) Årsmøte skal haldast kvart år innan utgangen av april.
b) Det vert kalla inn til omframt årsmøte dersom styret eller 1/4 av orkesteret sine aktive medlemer krev det.
c) Innkalling til årsmøte vert gjort gjennom øvingsplanen eller ved anna skriftleg melding til medlemene. Innkalling til omframt årsmøte skal gjerast skriftleg to veker på førehand.
d) Årsmelding og rekneskap for siste kalendarår, valnemnda si innstilling og andre saker til handsaming bør sendast ut seinast ei veke før årsmøtet.
e) Saker til årsmøtet må vera komne til styret seinast to veker før årsmøtet.

3.3 REPRESENTASJON, RETTAR OG RØYSTING

a) På årsmøtet deltek orkesteret sine medlemer og tilsette musikarar.
b) Medlemer som oppfyller medlemspliktene sine har røysterett.
c) Årsmøtet kan gje talerett til den det måtte ønskja.
d) Gyldige vedtak krev minst halvparten av røystene dersom ikkje anna er fastsett i vedtektene.
e) Årsmøtet er vedtaksført når minst halvparten av dei aktive medlemene er til stades.

3.4 ÅRSMØTET SIN DAGSORDEN

Årsmøtet skal handsama følgjande saker:

1. Konstituering

a) Godkjenning av innkalling
b) Godkjenning av dagsorden
c) Val av møteleiar
d) Val av skrivar

2. Godkjenning av årsmelding

3. Godkjenning av revidert rekneskap

4. Saker fremja av styret

5. Kontingent

6. Val av styreleiar for eitt år

7. Val av to styremedlemer for to år og tre varamedlemer for eitt år

8. Val av to medlemer til programnemnd for to år

9. Val av to medlemer til ettersynsnemnd for eitt år

10.Val av tre medlemer til valnemnd for eitt år

Dei som skal veljast skal ha gyldig medlemskap. Vala skal vera skriftlege om nokon krev det.

§ 4 MEDLEMSMØTE

Medlemsmøta er eit forum for kontakt, informasjon og drøftingar for orkesteret sine medlemer og tilsette musikarar. Det vert halde medlemsmøte når styret eller orkesteret sine medlemer finn trong for det, men minst ein gong i semesteret.

§ 5 STYRET

Orkesteret har eit styre på fem medlemer der fleirtalet skal vera aktive orkestermedlemer. I tillegg skal det vera tre varamedlemer. Styret har ansvar for den daglege drifta av orkesteret.

5.1 FULLMAKTER

a) Styret konstituerer seg sjølv.
b) Styret har fullmakt til å setja ned dei utval og nemnder det finn trong for.
c) Styret har fullmakt til å utforma og revidera dei reglar og instruksar som det er trong for i tilknyting til vedtektene.

5.2 INNKALLING TIL STYREMØTE, AVGJERSLER

a) Styret blir innkalla når leiar eller tre av styremedlemene finn det naudsynt.
b) Styret er vedtaksført når minst fire styremedlemer er til stades.
c) Orkestermedlemene skal ha informasjon om viktige styrevedtak.

5.3 PERSONALANSVAR

Styret føretek engasjement, tilsetjingar og oppseiingar, og har fullmakt til å inngå løns- og arbeidsavtalar.

§ 6 UTVAL, REVISJON OG VALNEMND

6.1 FAGRÅD

Dirigent, gruppeleiarar og andre fagutdana musikarar i orkesteret utgjer eit musikkfagleg rådgjevingsorgan for styret. Fagrådet vel ein talsmann som har møte- og talerett i styret.

6.2 PROGRAMNEMND

Programnemnda skal ha fem medlemer: to årsmøtevalde, dirigent, konsertmeister og eitt medlem valt av og mellom styret sine medlemer. Sistnemnde er leiar av programnemnda.

6.3 VALNEMND

Valnemnda skal ha tre medlemer. Valnemnda skal finna kandidatar til ulike tillitsverv og leggja innstilling fram for årsmøtet.

6.4 ETTERSYNSNEMND

Årsmøtet vel to medlemer til ettersynsnemnd. Desse skal gjennomgå rekneskapen kvart år og leggja fram rapport til årsmøtet.

§ 7 OPPLØYSING

7.1 Oppløysing av Fossegrimen må vedtakast av to etter kvarandre følgjande årsmøte. Av desse må eitt vera vanleg årsmøte. Vedtak om oppløysing krev 3/4 fleirtal i eit lovleg sett årsmøte.

7.2 Orkesteret kan ikkje oppløysast dersom minst 10 aktive medlemer røystar mot.

7.3 Dersom det vert vedteke å løysa opp orkesteret, skal orkesteret sine eignelutar samlast og takast vare på av Voss Kommune v/Kulturetaten.

§ 8 OPPATT-TAKING AV ORKESTERAKTIVITETEN

Dersom etter ei oppløysing minst 10 aktive musikarar gjer vedtak om å starta opp att orkesteret Fossegrimen, skal eignelutane stå til rådvelde utan atterhald, mot at desse vedtektene vert gjort gjeldande for det nye orkesteret.

§ 9 VEDTEKTSENDRINGAR

Årsmøtet kan endra desse vedtektene med minst 2/3 fleirtal.