fossegrimen_logo


Fossegrimen vert støtta av:

vossk Voss
kommune

hordfylk Hordaland fylkeskommune

Hovudsponsor:

 

 

Mozarts Requiem i Nain på Voss 8. og 9. desember

Så er det snart klart for Orkesteret Fossegrimen sin tradisjonelle førjolskonsert i Nain på Voss med songsolistar og stort kor. Hovudverket i år er Mozart si kjende Requiem-messe.

Rekviem er den katolske kyrkja si sjelemesse for dei døde og har navnet sitt etter innleiings-orda: ”Requiem aeternam dona eis, Domine” – ”Herre, gjev dei evig fred”. Messeteksten på latin vert nytta til å minnast dei døde på ein fast dag i kyrkjeåret, men den vert og ofte nytta ved gravferder og andre minnehøgtidingar og har vore den same sidan slutten av 1500-tallet. I vår tid er det blitt meir og meir vanleg at vi minnast våre næraste som er gått bort med levande ljos på gravene, kanskje då særleg i Jola, og det kan såleis høva med framføring av ei rekviem-messe nå. Mange komponistar har skrive musikk til denne teksten, m. a. Palestrina, Monteverdi, Cherubini, Berlioz, Verdi, Fauré, Dvorak, Britten, Rutter og Webber.

mozart1 kopi 2 2 2 2Knapt noko verk i musikkhistoria har i ettertida engasjert og fanga slik interesse som Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791) sitt Requiem i d-moll, ikkje minst på grunn av dei gåtefulle omstende som rådde rundt tinginga av dette verket, og det at det er så tett knytt opp til dei siste levemånadane hans. Han rakk som kjent ikkje å fullføra verket, og det vart eleven og assistenten hans, Franz Xaver Süssmayr, som tok på seg den oppgåva.

Solistar er den unge vossajenta Malena Sølvberg Breistein (sopran), Åsne Kvamme (alt), Tore Kloster (tenor) og Ørjan Hartveit (bass). Fossegrimens prosjektkor 2018, som Lars Ragnvaldsen også i år har hatt ansvaret for, vert forsterka av Gymnaskoret med eit 40-tals elevar på Musikklina ved Voss gymnas. Dei har hatt Elise Thorgersen Varne og Nina Mork Brunvoll som instruktørar.

Før Requiem framfører Fossegrimen tre satsar frå ”Reformasjons-symfonien” av Felix Mendelssohn (1809-1847), skrive i høve feiringa av 300-års jubiléet for Augsburgkonfesjonen – lutheranarane sitt vedkjenningsskriv som vart lagt fram for den tyske riksdagen i juni 1530. Men grunna krig og ufred vart ikkje symfonien urframført før om hausten i 1832 og mottakinga var då mildt sagt blanda. Mendelssohn var vonbroten og notane vart liggjande gøymte i skrivebordsskuffa hans og funne først etter at han var død. Symfonisatsane byggjer på ulike kyrkjemusikalske tema med Luther-salmen ”Vår Gud han er så fast ei borg” som ei mektig avslutning.

Orkesteret sin faste dirigent og kunstnarlege leiar gjennom 27 år, Dagfinn Rohde, leier framføringane.

Vel møtt til førjolskonsertar i Nain på Voss laurdag 8. desember og sundag 9. desember, begge dagar kl. 17:00. 

Forsal av billettar i Vossevangen Libris / Voss Bokhandel.