Konsert til ære for nye Voss herad

Orkesteret Fossegrimen inviterer til konsert laurdag 26. september kl. 14.00 i Nain på Voss og sundag 27. september kl. 17.00 i Trudvang i Granvin.

Bilete av solist Knut Hamre og av ei fele.
Knut Hamre Foto: Knut Utler

Meir enn eit halvt år etter vår siste konsert er Orkesteret Fossegrimen igjen klar med eit nytt konsertprogram. Det høver svært godt at orkesteret no får presentere det programmet som skulle vore spelt på konserten i vår for å markere det nye heradet, men som måtte avlysast grunna korona-pandemien. Solist er Knut Hamre, og vi framfører musikk med tilknyting til Granvin og Voss, både i samspel og kvar for oss. Det blir såleis ein heilnorsk toneklang som møter publikum denne helga.

Knut Hamre er ein av våre store spelemenn. Han er busett i Kvanndal og har vore viktig for ei lang rekkje hardingfelespelarar og folkemusikkutøvarar i Hardanger. Han har vunne Spelemannsprisen og Folkelarmprisen, og vart i 2017 utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden «for den framståande innsatsen hans for norsk folkemusikk.»

Konserten opnar med utdrag frå orkesterverket Horda-Rapsodi av Valter Aamodt. Utdraget denne kvelden er eit arrangement av Eg rodde meg ut på seiegrunnen og Springar frå Bergen. Valter Aamodt (1902-1989) var ein svært aktiv og allsidig komponist og dirigent i Bergen.

Konserten held fram med eit breitt utval av komposisjonar og arrangement for hardingfele og orkester. Vossingane Irene Tillung og Halldor Krogh har arrangert fleire av stykka. Innimellom vil Knut Hamre spela nokre slåttar åleine.

Først ut er På vestlandske bondestemna, ein marsj etter Ola Mosafinn som Konrad Grimstad har arrangert for hardingfele og orkester. Så framfører solist og orkester to stykke av Ola Håstadbø, først Vetla jento mi og deretter Frå stova til sjøen, båe i arrangement av Halldor Krogh, musikk som han nytta i stumfilmen Brudeferden i Hardanger. Ola Håstabø (1826-1899) var frå Løfloten ved Kvanndal.

Den neste slåtten er etter Sjur Helgeland, frå Myrkdalen. Hans mest kjente komposisjon er Budeiene på Vikafjell. På konserten framfører orkester og solist slåtten Store-Vetle-Per, i eit arrangement av Johan Ludwig Mowinckel jr. (son av statsminister Mowinckel). Deretter blir det tre slåttar arrangert av Irene Tillung: først ein gangar av Ola Håstabø, deretter Huldra mi av Lars Skjervheim og til sist Kongstunen, ein rudl etter Otte Haukanes.

Som avslutning på konserten framfører Fossegrimen Norsk rapsodi for orkester av Erik Eggen. Dette stykket er bygt over Bjølleslåtten og Det er så fagert i Finnesloftet frå Voss, og Lise-Sjur gangaren som har sitt opphav i Hardanger. Det var Erik Eggen som starta orkesteret Fossegrimen i 1917, då han var lærar på Voss landsgymnas .

Konferansier på konserten er vår nye kommunalsjef for kultur og fritid Trude Hoflandsdal Letnes, og Fossegrimen vert som vanleg dirigert av Dagfinn Rohde.

Ved gjennomføring av konsertane legg vi vekt på å fylgja gjeldande retningsliner for smittevern frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, og vi oppmodar publikum om å gjera det same.

Omtale av denne konserten i Avisa Hordaland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.